Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 5. feb 2026

Frank Edvard Sve
Frank Edvard Sve
Fremskrittspartiet·Møre og Romsdal

SakInnstilling fra transport- og kommunikasjonskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Bård Hoksrud, Frank Edvard Sve, Dagfinn Henrik Olsen, May Helen Hetland Ervik, Mats Henriksen og Sylvi Listhaug om å prioritere E39 Solavågseidet–Blindheim–Moa (Innst. 92 S (2025–2026), jf. Dokument 8:34 S (2025–2026))

Innlegget

Når det gjeld NTP, som det vert snakka om heile tida, er systemet slik at det ikkje var nokon nasjonal transportplan som fekk fleirtal i behandlinga. NTP-en frå Arbeidarpartiet og Senterpartiet kom frå eit mindretal. Vi hadde vår eigen NTP og var i mindretal. Høgre sin NTP var òg støtta av eit mindretal. I NTP-en til Framstegspartiet var dette prosjektet inne som eit viktig prosjekt. Det sto ikkje i forslaget til NTP frå den dåverande regjeringa, altså Arbeidarparti–Senterparti-regjeringa. Når ein har så mange trafikkulykker, meiner regjeringa at det ikkje er nødvendig å ta fatt i slike prosjekt, som er enormt trafikkfarlege, eller er ein nøydd til å vente på prosedyrane, mens folk vert hardt skadd og drepne, fordi ein ikkje evnar å kunne ta grep når det er så alvorleg som det er på den strekninga?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat