Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 5. feb 2026

Frank Edvard Sve
Frank Edvard Sve
Fremskrittspartiet·Møre og Romsdal

SakMøte torsdag den 5. februar 2026 kl. 10

Innlegget

Det er eg fullstendig klar over, og det er bra at regjeringa tok tak i Veibustkrysset etter at underteikna og Sylvi Listhaug fremja kanskje tre, fire eller fem Dokument 8-forslag. Til slutt tok regjeringa saka, og det er vi veldig glade for. Det viser at det nytter å stå på; det er akkurat det vi gjer no også. Det er rett at det ikkje vart stemt over Nasjonal transportplan, og at det er førande for det arbeidet som ligg, men det opnar også opp for at ein faktisk kan ta grep når det er heilt nødvendig for veldig viktige vegstrekningar. Det er det som er grunnlaget her. Skal vi kome oss vidare og få det prosjektet inn i Nasjonal transportplan i framtida, er ein heilt avhengig av å kome vidare i planlegginga og prosjekteringa. Det er slik i Stortinget – og slik må det vere – at ein må kunne ta spesielle grep når ein ser at heilt spesifikke vegstrekningar er veldig ulykkesutsette, som denne strekninga er. Er det fullstendig umogleg?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat