Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Det er eg for så vidt einig i. Vi må ha prioriteringar, men statsråden bekreftar jo sjølv at etter mange Dokument 8-forslag – kva slags inntrykk dei gjorde, veit eg ikkje, men det vart jo garantert registrert, for vi behandla det i Stortinget kvar gong – prioriterte ein til slutt Veibustkrysset på grunn av den trafikkfarlege situasjonen i det krysset. Då må det jo vere mogleg å behandle andre saker om andre vegar som er spesielt trafikkfarlege. Det er poenget mitt: Når ein her har ein heilt spesiell situasjon, med eit område som har så enormt mange ulykker at ein tek tak i eitt av kryssa som er farlege, mens det har skjedd endå fleire ulykker i hovudstrekningane vidare, må det vere mogleg å ta grep som kan få ned talet på hardt skadde og drepne. Det er poenget mitt. Eg forstår at det er svært vanskeleg, men det burde det ikkje vere. Eg håpar inderleg at statsråden kan bekrefte at det går an å gå ut av boksen og prioritere slike prosjekt.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
