Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 5. feb 2026

Frank Edvard Sve
Frank Edvard Sve
Fremskrittspartiet·Møre og Romsdal

SakMøte torsdag den 5. februar 2026 kl. 10

Innlegget

Dei tilbakemeldingane om bypakken som kom frå bl.a. representanten Geir Inge Lien, som også statsråden nemnte no nettopp, er ganske spesielle. Eg kunne ha halde eit ganske langt innlegg om innhaldet i desse bypakkane, men ein ting er bra sikkert: Strekninga på E136, som snart er ferdig bygd, hadde aldri vorte starta på viss ein hadde drege andre prosjekt inn i det. Det var det som var grunnlaget for at statsråden vår sa at viss ein skal ha inn mykje meir, ville porteføljen ha vorte kanskje tre gonger så stor som den som vart vedteken for E136, som er den bypakken som er i dag. Det ville ført til full ny behandling på alle felt, noko som ville ført til mange års utsetjing. Ein ville sannsynlegvis også hatt store problem med å få gjennom eit prosjekt til 10 mrd. kr, samanlikna med eit prosjekt til ca. 3 mrd. kr. Vi veit alle kor krevjande det er. Det var litt av grunnlaget og forhistoria til det. Når det gjeld prosjekt for så viktige trafikktryggingsområde, er det ei svakheit i systemet vårt – Nasjonal transportplan – at det er ei behandling i Stortinget utan noko fleirtal for ein plan. Det vert gjort nokre fleirtalsvedtak, men resten flyter på ein måte når det gjeld styring. Eg er klar over at Vegvesenet har sine styringssystem rundt NTP-en til regjeringa. No har vi igjen ei mindretalsregjering, med Arbeidarpartiet aleine, og det kan ikkje vere slik at viss det ikkje vert fleirtal for nokon NTP, så er det Arbeidarpartiet som aleine skal styre all samferdselspolitikk vidare. Det er ikkje demokratisk. Det er eit system som er fullstendig feil. Difor meiner eg at når det kjem viktige saker, med mange hardt skadde og trafikkdrepne i tillegg, må det vere mogleg å ta grep og innføre tiltak på vegar som er så farlege. Det var heile grunnlaget for å få fram den saka – å få sett i gang planlegging, prosjektering og å få ein plan for korleis ein kan få prosjektet inn i ein NTP, sjølvsagt seinare. Men for å kunne få han inn i ein NTP, må det faktisk vere planlagd og prosjektert. Vi veit alle korleis dette er. Det er i alle fall eit veldig dårleg argument å seie at vi ikkje la det inn i vårt eige budsjett, når vi i ei sak bad om å få ein plan for ei finansiering. Etter at planen er klar, ville det vore naturleg å få inn budsjettering. Det trur eg at Høgre også forstår – dei forstår seg ganske godt på pengar, trur eg. Det kan ikkje vere byråkratiet som skal styre alt dette. Ønskjer vi tryggare vegar og færre hardt skadde og drepne i trafikken, må vi evne å gjere noko med det – men det gjer vi dessverre ikkje i dag når det gjeld viktige vegar.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat