Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 5. feb 2026

Geir Inge Lien
Geir Inge Lien
Senterpartiet·Møre og Romsdal

SakMøte torsdag den 5. februar 2026 kl. 10

Innlegget

51:32] (ordførar for saka): Med auka bruk av dronar har vi moglegheita til å løyse oppgåver på nye måtar. Det ligg store potensial for at norske aktørar kan bli viktige leverandørar av ny teknologi i tida framover. Samtidig gjev droneteknologien nye utfordringar som vi som samfunn må ta på alvor. Saka i dag handlar om utfordringar dronar skapar for norske flyplassar og luftrommet rundt dei. Som saksordførar vil eg takke komiteen for samarbeidet. Det er eit nytt alvor no. Senterpartiet har lenge advart mot å bruke teknologi frå land vi ikkje har eit sikkerheitspolitisk samarbeid med, som f.eks. Kina. PST, NSM og E-tenesta viser i sine risikovurderingar til at kinesisk etterretningsteneste har lov til å utnytte alle kinesiske selskap til etterretning og andre statlege føremål. Det er mogleg at DJI Aeroscope ikkje utgjer den største sikkerheitstrusselen i dag. Likevel meiner arbeidsgruppa som har sett på systemet at Avinor må følgje nøye med. Linja til Senterpartiet er godt kjend. Seinast ved behandling av dronemeldinga fremja vi fleire forslag som gjekk på akkurat dette. Eg er glad for at fleirtalet i Stortinget no ser det same som oss. Senterpartiet meiner det må bli slutt på den praktiserte haldninga regjeringa og statsråden har til den reelle trusselen Kina utgjer mot Noreg. Dette er eit statleg ansvar. At Avinor har valt kinesisk teknologi, skal ikkje gå ut over flyselskapa eller dei flyreisande, men Avinor skal byte ut den kinesiske teknologien så snart det er praktisk mogleg. Med det tek eg opp dei forslaga som Senterpartiet er ein del av.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat

Geir Inge Lien (Senterpartiet) — Innlegg · 5. feb 2026 — OverStortinget