Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
33:49] (ordførar for saka): I dag behandlar vi eit representantforslag frå Framstegspartiet om å prioritere bygging av E39 Solavågseidet–Blindheim–Moa. Strekninga er ei av dei mest trafikkerte og ulykkesutsette strekningane på E39 nord for Bergen. Det er ein flaskehals for både pendlarar, næringstransport og beredskap, og det er difor ikkje nokon tvil om at dette er eit viktig prosjekt for regionen. Eg vil takke komiteen for det gode samarbeidet i saka. Sjølv om strekninga er viktig, er prosjektet ikkje modent for å verte bygt i dag. Det er ikkje regulert, finansiering er ikkje avklart, bompengeopplegget er ikkje politisk behandla lokalt, og det står att både kvalitetssikring og vidare planarbeid. Prosjektet er heller ikkje inne i noverande NTP. Prosjektet manglar dessverre heilt grunnleggjande føresetnader for at ein kan gje klarsignal for utbygging. Samtidig er det òg viktig å minne om kvifor delar av dette prosjektet kunne ha vore både meir modent og kanskje allereie under bygging – dersom det ikkje hadde vorte stoppa under Framstegspartiet si tid i regjering. Delar av strekninga var opphavleg meint å inngå i Bypakke Ålesund, men vart teke ut av samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen før saka kom til Stortinget. Det har kosta tid, og det har kosta framdrift. Det er difor litt spesielt å behandle eit forslag frå Framstegspartiet som dei ikkje har sett av ei einaste krone til i sitt alternative budsjett. Dette gjev lite truverd. Eg er glad for at Statens vegvesen no har valt å gå vidare med løysinga med lang tunnel, som varetek lokale ønske og innspel. Det gjev eit betre utgangspunkt for vidare planlegging og for lokal forankring. Nasjonal transportplan skal gje føreseielege vilkår for folk og næringsliv, og er basert på lokale prioriteringar. Vi kan ikkje styre rekkefølgja på prosjekt etter representantforslag, spesielt der prosjekta er umodne. Senterpartiet er positive til at E39 Solavågseidet–Blindheim–Moa kjem inn i neste NTP dersom ein prioriterer dette lokalpolitisk.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
