Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Å avvikle ordninga med piggdekkgebyr handlar om spesielt tre viktige omsyn: folkehelse, kommunalt sjølvstyre og næringslivets behov for framkomelegheit. Senterpartiet meiner på generelt grunnlag at ordninga med piggdekkgebyr er legitimert av omsynet til folkehelse og det kommunale sjølvstyret. Svevestøv og støy utfordrar luftkvalitet og folkehelse. Sjølv om luftkvaliteten har vorte betre dei siste åra, er det periodar, spesielt om vinteren, der luftutfordringane er eit problem. Kommunane har eit ansvar for å sikre god luftkvalitet, og piggdekkgebyret er eitt av fleire verkemiddel for å redusere belastninga på folkehelsa. Senterpartiet lyttar til høyringsinnspela og erfaringane frå dei som faktisk er på vegen kvar dag. Næringstransporten har ein heilt annan situasjon enn privatbilistar. For mange av dei er piggdekk ikkje eit val, men ei forsikring om at dei får løyst oppdraga sine uansett vêrforhold. Det er ikkje rimeleg at handverkarar, drosjen eller leverandørar skal skifte dekk kvar gong det er krevjande køyreforhold. Her må politikken verke rimeleg og gjennomførbar. Difor føreslår Senterpartiet å unnta næringstrafikk frå piggdekkgebyr. Slik ivaretek vi både næringslivets behov, trafikksikkerheita og omsynet til framkomelegheit utan å undergrave kommunens moglegheit til å sikre betre luftkvalitet. Eg ser at Høgre i sine merknader peikar på at kommunane vil tape pengar på ei eventuell avvikling av piggdekkgebyr. Dette meiner Senterpartiet ikkje er eit relevant argument. Bilistane har nok av krav på seg med skattar og avgifter, og kommunane kan ikkje budsjettere med ei slik innkrevjing. Senterpartiet står fast ved at helse, tryggleik og lokalt sjølvstyre må vege tungt, men òg at staten skal sørgje for at regelverket ikkje rammar det som held Noreg i gang. Eg tek dermed opp Senterpartiets forslag i saka.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
