Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 5. feb 2026

Geir Inge Lien
Geir Inge Lien
Senterpartiet·Møre og Romsdal

SakMøte torsdag den 5. februar 2026 kl. 10

Innlegget

Rutekutt ved Steinberg stasjon er eit tydeleg eksempel på ein praksis i jernbaneforvaltninga som ikkje er berekraftig for lokalsamfunnet langs sporet. Stasjonen betener eit område med spreidd busetjing, der mange familiar har valt å leve sine liv fordi stasjonen gjev gode forbindelsar både aust- og vestover. Rutekutt for dei reisande vert opplevd som eit svik frå samfunnet. Steinberg stasjon er eit eksempel på den ukulturen som råder i Bane NOR. Mindre stasjonar vert kutta i ruteplanen for å oppretthalde punktlegheita mellom dei større stasjonane. Bane NOR Eiendom nektar å utvikle stasjonane ved å ikkje leggje til rette for fleire parkeringsplassar. Det er faktisk 300 reisende, som utgjer 16 pst. av dei som bur på Steinberg, som brukar stasjonen. Med fleire parkeringsplassar, slik Senterpartiet føreslår, kunne andelen kanskje vore endå høgare. Dette er departementsstyrt sentralisering i praksis, og forsterka av ein minister som gøymer seg bak ansiktslaus byråkrati. 300 reisande er ikkje eit lite tal. For Senterpartiet er dette heilt klart ei politisk prioritering som Stortinget definitivt skal kunne meine noko om. I haust var eg på besøk på Steinberg og møtte flotte, engasjerte representantar frå velforeininga og andre som er opptatt av å ha godt kollektivtilbod langs heile sporet. Eg vil rose dei for innsatsen. Forslaget om å gjenopprette rutefrekvensen til det nivået det låg på før jul i fjor, ser heldigvis ut til å få eit fleirtal i denne salen på tysdag. Det viser at det nyttar å engasjere seg. Steinberg stasjon er ikkje aleine om å bli kutta i punktlegheitas navn. For oss i Senterpartiet er det viktig at toget stoppar der det bur folk, og tek på folk.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat