Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 5. feb 2026

Geir Inge Lien
Geir Inge Lien
Senterpartiet·Møre og Romsdal

SakMøte torsdag den 5. februar 2026 kl. 10

Innlegget

Dette er ei utruleg viktig sak for dei det gjeld. Vi ser det er fleire stasjonar som vert truga med det same, med færre stopp. Når dei ville leggje ned ei ferjerute, ei hurtigbåtrute eller ei bussrute der eg kjem frå, sette ein avgangane til tider då folk ikkje brukte det, og i tillegg tok ein ned stoppmønsteret. Det førte til at det på sikt vart nedlagt. Det kan ikkje vi i Senterpartiet vere med på. For oss er det utruleg viktig at innbyggjarane rundt Steinberg skal vere trygge på at dei skal kunne kome seg til og frå. Over 300 reisande per dag er eit høgt tal, og vi ønskjer at dei skal kunne nytte seg av det tilbodet dei hadde før jul. Då vert eg veldig forundra når statsråden seier at det er EØS-avtalen som legg ei klam hand rundt dette – at det er byråkratiet som til kvar tid skal bestemme, utan at folk og kommunar i tilstrekkeleg grad har vorte høyrde i denne saka. Eg må seie at eg er skuffa over dei svara vi har fått frå statsråden, og meiner at det er denne salen som bestemmer kva som skal skje. Ikkje ei sak er for lita og ikkje ei er for stor – og dette er ei viktig sak for folk og for dei som ferdast på bana. Eg har i tillegg ei stemmeforklaring. Då eg høyrde innlegget til representanten Trond Helleland, synest eg han hadde mange gode argument, og fordi vi i neste runde skal kunne høyre på folk, ønskjer vi å gå inn i forslag til vedtak II. Både det som går på Steinberg og Brakerøya er viktig, og at folk vert høyrde. Så Senterpartiet vil òg støtte det. Eg håpar vi no kan greie å snu dette, så folk på Steinberg og andre stasjonar skal ha moglegheit til å gå på og av toga etter det mønsteret som har vore før.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat