Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Miljøfartsgrenser er eit verktøy for å sikre betre luftkvalitet i norske byar og tettstader. Som både statsrådens vurdering og gjennomgangen frå komiteen viser, er miljøfartsgrenser eit godt dokumentert og effektivt tiltak for å redusere svevestøv frå vegane. Erfaringa frå Statens vegvesen viser at slike periodiske og målretta reduksjonar i fartsgrensene kan redusere svevestøvnivået med rundt 20 til 25 pst., spesielt i periodar der luftkvaliteten elles ville ha vore helseskadeleg for folk. Det er viktig at folk har rein luft rundt seg, uansett kvar i landet ein bur. Difor er det etter Senterpartiet si meining heilt nødvendig å ha eit breitt sett av verkemiddel slik at ein kan førebyggje heilskapleg. Miljøfartsgrenser verkar, og vasking er eit supplement som vert brukt i dag. Det er ikkje anten/eller, men her vert det som Ole Brumm seier: Ja, takk, begge delar. Vi må faktisk bruke dei tiltaka som verkar, i kombinasjon. Det er Statens vegvesen som har det faglege ansvaret for å vurdere kva som skal takast i bruk, og når. Senterpartiet er einig med Høgre. Ordninga bør vere fleksibel og bør kunne takast i bruk raskare og meir presist dei dagane svevestøvnivået faktisk er høgt. Automatisk skilting dei dagane det er store utfordringar, vil òg gje større legitimitet og støtte blant bilistane. Miljøfartsgrenser er ikkje eit dramatisk inngrep i kvardagen for folk flest, men det har stor betydning for folk med astma og andre luftvegslidingar og for kvaliteten på lufta vi alle pustar inn. Senterpartiet støttar difor ikkje forslaget frå Framstegspartiet, men i lag med Høgre fremjar vi i staden eit forslag som gjer ordninga meir treffsikker, og som sikrar legitimitet for ordninga, betre luftkvalitet og betre trafikktryggleik.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
