Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 5. feb 2026

Geir Inge Lien
Geir Inge Lien
Senterpartiet·Møre og Romsdal

SakMøte torsdag den 5. februar 2026 kl. 10

Innlegget

Dette er ei viktig sak. Dette vedkjem både viktige samferdselsomsyn og eit av våre største naturforvaltingsansvar, nemleg villreinbestanden vår. Senterpartiet er positiv til tiltak som kan betre villreinens levevilkår. Hardangervidda er Europas største villreinområde, og Noreg har eit særleg ansvar for å sikre at forvaltninga er kunnskapsbasert og heilskapleg. Samtidig er rv. 7 ein viktig forbindelse for både lokalsamfunn, reiseliv og persontransport, og det er legitimt å ønske betre regularitet og føreseielegheit. Samtidig meiner Senterpartiet at forslaget som ligg til behandling i dag, og som startar reguleringsplanarbeidet for tunnelar, kjem for tidleg. Prosjektet er ikkje prioritert i gjeldande Nasjonal transportplan, og det føreligg ikkje eit tilstrekkeleg avgjerdsgrunnlag når det gjeld kostnader, konsekvensar og prioriteringar opp mot andre prosjekt. Vi må prioritere hardare framover, og eg kan ikkje sjå at Høgre har forklart kva andre prosjekt som skal bakover i køen, om vi skal styre prosjektrekkefølga etter representantforslaget. I tillegg er situasjonen for villreinen samansett. Risikoen for spreiing av skrantesjuke gjer at dagens veg òg fungerer som ei barriere inntil vidare. Senterpartiet støttar difor Miljøpartiet Dei Grøne sitt forslag om å kartleggje heilskaplege tiltak som kan betre villreinens kår. Vi vil at dette skal takast med som ein del av avgjerdsgrunnlaget ved neste behandling av Nasjonal transportplan. Det gjev rom for grundigare vurderingar, betre prioriteringar og større føreseielegheit. Senterpartiet har i dag fremja to lause forslag, som òg skal inn, og det at Senterpartiet no stemmer imot forslaga, handlar ikkje om å seie nei til miljøtunnelar over Hardangervidda eller å seie nei til omsynet til villreinen. Det handlar om å ta dei rette avgjerdene på rett grunnlag og i rett samanheng. Dermed fremjar eg dei forslaga Senterpartiet er en del av.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat