Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 5. feb 2026

Kjersti Toppe
Kjersti Toppe
Senterpartiet·Hordaland

SakMøte torsdag den 5. februar 2026 kl. 10

Innlegget

41:26] (leiar i komiteen): I dag står kvar femte person i arbeidsfør alder utanfor arbeidslivet, om lag 100 000 unge vaksne står utanfor arbeid eller utdanning, og rundt 70 000 får helserelaterte ytingar. Sjukefråværet og fråfallet aukar, særleg blant unge. Riksrevisjonens rapport frå 2024 kom med sterk kritikk og viste at nesten ingenting hadde skjedd sidan 2012, og at rehabilitering er eit felt som er prega av store svakheiter. Mange pasientar får ikkje dei rehabiliteringstenestene dei har behov for, og dette får store konsekvensar for helsa, arbeidsevna, familielivet og fritida til pasientane. Det er pasientane denne saka handlar om – pasientar som har behov for rehabiliteringstenester. Senterpartiet er glad for at det no vert fleirtal for at det skal koma ein handlingsplan til Stortinget, og eg vil takka Miljøpartiet Dei Grøne, Framstegspartiet, SV, Raudt og KrF for eit godt og tillitsfullt samarbeid i denne saka. Vi ønskjer ei opptrapping av døgnplassar, særleg innan rehabilitering for unge, ei prøveordning med direkte innsøking frå Nav, og vi vil sikra MS-pasientane i Noreg eit rehabiliteringstilbod. Vi meiner ein må gjennomgå og fornya kvalitetskrava, i samarbeid med fagmiljøa og med pasientorganisasjonane. Eg vurderer at Arbeidarpartiet og Høgre i dag forsvarar systemet og prosessane innan rehabiliteringsfeltet. Vi tar ansvar på vegner av pasientane og fagmiljøa. Ingenting ville vore meir uansvarleg enn å la helseføretaka fortsetja si nedriving av spesialisert rehabilitering – redusera kvaliteten og kutta i ressursane. Det ville vore uansvarleg å akseptera ein storstilt reduksjon i døgnkapasitet og omlegging til dagtilbod – ei omlegging som på ingen måte er kunnskapsbasert, men berre gjort for å spara pengar, òg ved å skyva meir ansvar over på kommunane, utan at dette skjer i ein heilskapleg plan. For pasientane som er langvarig sjukmelde, og som har samansette og komplekse behov, er det i dag solid kunnskapsgrunnlag for at døgnopphald innan rehabilitering er viktig. Det er ikkje slik at ein ikkje da òg skal kunna ha kortare opphald og dagopphald, men det skjer no ei stor omlegging med kutt i døgnopphald og ein anbodsprosess i helseføretaka som går ut over pasientanes behov for rehabiliteringstenester. Eg er glad for at vi har funne fleirtal for å kunna stoppa dei prosessane der det ikkje er inngått avtale.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat