Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 5. feb 2026

Kjersti Toppe
Kjersti Toppe
Senterpartiet·Hordaland

SakMøte torsdag den 5. februar 2026 kl. 10

Innlegget

Det er ein viktig premiss i utforminga av våre helsetenester at det skal vera likeverdig tilgang til helsetenester, uavhengig av bakgrunn og kvar i landet ein bur. Det betyr ikkje at alt skal vera heilt likt, men ein skal streva etter å få mest mogleg likeverdige helsetenester. Det gjeld ikkje minst når vi snakkar om det akuttmedisinske tilbodet. Over tid har det vore ein fagleg, politisk og folkeleg diskusjon om utviding av PCI-tilboda, bl.a. i Helse nord og i Helse Midt-Noreg. Eg har respekt for at det er faglege vurderingar som må liggja til grunn, men desse vurderingane må òg ha tillit i befolkninga og vera forankra i fagmiljøa. Det må òg sjåast i samanheng med den akuttmedisinske beredskapen elles og nasjonale faglege tilrådingar. Det er vel kjent at vi har mykje færre PCI-tilbod enn våre naboland, f.eks. Finland. Det er òg vel kjent at fagmiljøa i denne saka til dels står mot kvarandre, og det var på høg tid at helseministeren – etter år med lokale utgreiingar – gav Helsedirektoratet i oppdrag å starta eit arbeid med å laga nasjonale faglege retningslinjer for behandling av hjarteinfarkt i Noreg. For Senterpartiet er det viktig at ei utviding av PCI-tilbodet i Bodø vert basert på å få eit heilskaplege fagmiljø – ta vare på det – og å sikra den faglege kvaliteten. Evalueringa av tilbodet i Bodø tilrår ei vidareføring, og vi føreslår i dag å be regjeringa sikra at det etablerte PCI-tilbodet i Bodø vert vidareført, og at det vert arbeidd for ei utviding til døgntilbod. Eg håpar at dette er eit forslag som kan få fleirtal her i dag. Vi føreslår òg at dei faglege retningslinjene for hjarteinfarktbehandling for norske forhold kjem på plass innan utgangen av dette året, slik at det ikkje går mange år før dette kjem, og at etablering av nye PCI-tilbod elles i landet – vi nemner Ålesund spesielt – vert vurdert i dette arbeidet. Eg vil ta opp forslaget frå Senterpartiet. Så vil eg varsla at vi subsidiært vil støtta I og II i innstillinga. Vi kjem òg til å støtta forslaget til Miljøpartiet Dei Grøne i saka.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat