Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 5. feb 2026

Linda Monsen Merkesdal
Linda Monsen Merkesdal
Arbeiderpartiet·Hordaland

SakMøte torsdag den 5. februar 2026 kl. 10

Innlegget

Det er tydeleg at representanten Sivertsen ikkje har fått med seg at arbeidet med elektrifiseringa av Melkøya allereie er godt i gang. Rundt halvparten av prosjektet er gjennomført, og over 15 mrd. kr er bundne opp i kontraktar og investeringar. Dette er ikkje eit prosjekt på teiknebrettet. Dette er eit prosjekt som byggjast av fagfolk i heile landet akkurat no. For Arbeidarpartiet er dette enkelt: Noreg skal lykkast med å utvikla petroleumsnæringa, kutta utslepp og sikra arbeidsplassar. Då må me ha stabile og føreseielege rammevilkår. Stortinget har fatta vedtak, og når næringslivet har inngått milliardkontraktar i tillit til staten, står me ved det. Alt anna hadde vore eit brot med den føreseielegheita Noreg er kjend for og avhengig av. Å stoppa Melkøya ved å ta tilbake utdelt straum løyser ingen verdas ting – ikkje kraftmangelen i Finnmark, ikkje klimautsleppa, ikkje utfordringane for reindriftsnæringa, og det løyser definitivt ikkje Europas behov for å fasa ut russisk olje og gass. Det einaste det ville skapt, er eit Noreg som framstår som eit land det ikkje går an å stola på. Det som verkeleg forundrar meg i denne saka, er kor lite næringsvennleg Framstegspartiet framstår. Eit parti som tidlegare har snakka om føreseielegheit for industrien, bidrar no til å skapa usikkerheit langt utanfor Noregs grenser. I spørsmålet om grøn omstilling, kraft, EØS og no Melkøya, teiknar FrP eit bilde av Noreg som eit land det ikkje er trygt å investera i. Det bildet må me snu. Det er difor ein tryggleik å sjå at SV står støtt som eit føreseieleg klimaparti denne saka. Det viser at det går an å ta klimautfordringane på alvor og samtidig sikra arbeidsplassar. At MDG og FrP har funne saman i ein allianse som vil avvikla norsk olje- og gassindustri, framstår underleg. At MDG ønskjer å avvikla olje og gass raskare, er dei heilt opne og ærlege om – det er ikkje nokon overraskingar i det – men at FrP legg seg på den same linja, overraskar meg. Det betyr jo akkurat det MDG seier: Oljenæringa vil måtte stengja 30 år før tida om me ikkje gjennomfører dette prosjektet.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat