Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 5. feb 2026

SakMøte torsdag den 5. februar 2026 kl. 10
Innlegget
Fagfolk opplever gong på gong at økonomi og rare måltal blir prioriterte framfor pasientane våre og faget vårt. Eg er ikkje på noko vis nokon ekspert i rehabilitering, men eg har snakka med legekollegaer som kjenner feltet godt. Eg har snakka med mange andre, og eg har også prøvd å finne dei som synest at dette har vore ein god prosess og er godt fornøgde. Eg har slite med å finne dei. Det er mogleg dei finst, men eg har ikkje klart å finne dei. Vi opplever som sagt at fag og pasientar blir prioriterte ned og ofra på økonomiens alter litt for ofte. Vi fagfolk spring stadig raskare, har ineffektive støttesystem og bruker uforholdsmessig mykje tid på anna enn å vere klinikarar. Det er ei utbreidd oppfatning at fag blir nedprioritert, medan økonomi og tanketomme måltal blir sette i høgsetet. Det er på tide å la fagfolk få tillit til å gjere jobben og få nødvendig støtte til det. Vi treng effektive journalsystem, administrativt personale som legg til rette i staden for å lage hindringar eller dytte arbeid over på sjukepleiarar og legar. I dette biletet er det trist å sjå korleis anboda i Trøndelag og Helse sør-øst føyer seg inn i rekka. Rehabiliteringa har måtta stå med lua i handa i mange år, og dette gjer det ikkje betre. Eg høyrer frå mange frivillige at dei slit, til og med dei som får anboda, med å klare å få økonomi i det, så dei blir avhengige av midlar utanfrå – det er ikkje ein god trend. Det er verkeleg synd at føretaka ikkje klarar å ha god dialog med aktørane og fagfolka. Det er ille at føretaka ikkje klarar å få til ein transparent anbodsprosess der fagfolka får vist fram den kvaliteten dei tilbyr, eller får fullt innsyn i kva for kvalitetskrav dei skal levere på. Det er katastrofalt at føretaka ikkje er i stand til å ivareta det faglege og pasientane i prosessen. Eg har sjeldan fått så mange godt grunngjevne innvendingar, og eg har som sagt prøvd å finne motargument. Dei er der, men dessverre er dei svake. Vi skulle helst ikkje vore her i dag, vi skulle ha funne ei løysing for lenge sidan. Det er eg den første til å innrømme. Og eg anerkjenner også at det er argument mot i saka. Det er ikkje det det går på. Men vi treng verkeleg meir kapasitet, spesielt på døgnplassar. Sjølv om det var riktig å ha meir døgn til dag, så treng vi òg fleire døgnplassar. No er tida inne for å stå opp for rehabiliteringa, for dei dyktige fagfolka og aller mest for pasientane. Difor fremjar eg forslaget eg har tatt opp, på vegner av FrP, SV, Raudt, Senterpartiet, MDG, KrF og Venstre, der vi krev nye og betre vilkår for rehabiliteringa der kontraktar ikkje er inngåtte, og at vi i tillegg får ein god fagleg standard for det heile.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat