Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 5. feb 2026

Marius Langballe Dalin
Marius Langballe Dalin
Miljøpartiet De Grønne·Sogn og Fjordane

SakMøte torsdag den 5. februar 2026 kl. 10

Innlegget

Eit hjarteinfarkt kan vere noko av det mest dramatiske ein kan oppleve. Eg har sjølv følgt ein dårleg pasient frå Dovre, kor eg var i turnus, og ned til Lillehammer – ein ganske tvilsam ambulansetur. Det er tøft for både lege og pasient, for å seie det slik. Heldigvis har det skjedd veldig mykje i hjarteinfarktbehandlinga sidan den gongen, og PCI-tilboda har revolusjonert resultata av behandlinga. Heldigvis får dei aller fleste sin PCI ikkje heilakutt, men anten i løpet av nokre dagar eller heilt planlagt, rett og slett fordi ein har angina, og då førebyggjer ein hjarteinfarkta. Ein del kan også få trombolyse og kan då utsetje behovet for PCI eller kanskje sleppe det heilt. Eg seier ikkje at det løyser alle problem. Eg bur sjølv i ein region – eg er mest i Nordfjord når eg er heime – der det også er ganske langt unna. Eg lever veldig godt med at vi, for vår region, ventar på å få utgreidd kor vi skal ha eit PCI-tilbod. Eg har som kirurg drive med liknande prosedyrar sjølv, og eg veit at volum betyr noko, og eg veit at det å byggje opp eit fagmiljø over tid betyr noko. Å forhaste seg er ikkje det luraste ein kan gjere. Så eg kan ikkje gå inn for eit slikt «dirigere regjeringa til å gjere noko med ein gong-opplegg». Det synest eg er heilt feil retning. Eg har snakka med fleire kollegaer, både på UNN og i Bodø, i tillegg til mange andre kollegaer, om denne saka. Ein er utvilsamt fagleg ueinige. Den trur eg vil bli løyst dårlegast frå denne salen, for å seie det som det er. Det er eit veldig godt samarbeid mellom legene i UNN, og legane i Bodø er òg tilsette ved UNN, sjølv om nokre av dei bur i Bodø. Det er eit godt samarbeid her, og det er eit stort rom her for å sjå om ein kan få til noko ganske raskt, utan å tilsetje fleire. Der er det eit rom for moglegheiter, og regjeringa har moglegheit til å vise handlekraft for å sjå om dette er mogleg. Difor fremjar vi følgjande forslag: «Stortinget ber regjeringen vurdere å innføre en prøveordning i Bodø med døgnvakt deler av uka for PCI med eksisterende overlegebemanning høsten 2026, eventuelt med felles vaktordning mellom kardiologer og intervensjonsradiologer.» Dette er noko ein kan sjå på. Vi instruerer ikkje regjeringa; vi oppfordrar berre til å vurdere denne moglegheita, som gjer at vi kan kome i gang på ein klok måte, i staden for å prøve å innføre noko på litt ubestemt tid. Dette vil ta tid viss ein skal ha heile pakken. Her kan ein få noko raskt. Vi vil kome mykje lenger på kort tid, med ein avgrensa kostnad, utan nye legar, og ein får satsa på kvalitet. Dette trur eg kan vere klokt, så eg håpar regjeringa vil vurdere dette.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat