Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Replikk · 5. feb 2026

SakMøte torsdag den 5. februar 2026 kl. 10
Innlegget
Det trengst ei utgreiing for å opprette nye PCI-tilbod, noko som bør vere prinsippet når vi skal opprette nye og fagleg tunge tenester. Det viktigaste ein driv med på ein sånn stad, i det heile teke i hjarteinfarktsbehandlinga, er planlagd, halvakutt PCI-behandling, det er medisinsk behandling, og det er livsstil. Vi må ikkje gløyme det i denne debatten. Der eg bur, er det trombolyse eg vil ha, for noko anna tek for lang tid – og det lever eg greitt med. I Bodø er det få akuttinfarkt. Legane bur der allereie, og dei roterer mellom Tromsø og Bodø. Dei er der frå måndag til fredag. Heimevakt er ei lita belasting, vi snakkar om eitt til to infarkt i veka, sannsynlegvis, og prosedyrar. Det gjev ei kjempemoglegheit til å kunne ha passiv heimevakt, byggje opp eit tilbod og starte på det, kanskje f.eks. fem døgn i veka. Er dette noko statsråden vil sjå på?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat