Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 5. feb 2026

Torbjørn Vereide
Torbjørn Vereide
Arbeiderpartiet·Sogn og Fjordane

SakMøte torsdag den 5. februar 2026 kl. 10

Innlegget

Krigen på kontinentet er eit faktum. Viss Europa skal kunne kome seg ut av kloa og jerngrepet til Russland, treng vi norsk gass. Eg høyrde ein annan representant stille seg spørsmålet om representanten Listhaug hadde forsove seg. Sjølv lurer eg på om ho har gøymt seg under denne debatten, for når ein ser at FrP går saman med MDG i eit forslag som i praksis set ein politisk sluttdato for utvikling av norsk gass på det feltet, kan ein lure på kva som har skjedd. Er den leiande representanten for FrP eigna til å vere statsminister, til å ta ansvar for den alvorlege situasjonen vi står i? Og er ho eigna til å vere ansvarleg for dei 200 000 som jobbar i næringa? Det er allereie blitt gjort enorme investeringar. Det er langt forbi halvvegs ferdig. Ein kan stille seg spørsmål om dei snakkar med næringslivet, som seier at det dei held på med, er vanvit. Ein kan lure på om dei har snakka med sin eigen energipolitiske talsperson, som trass i at han no har snudd kappa rundt, har uttala at dette er bortimot sprøtt å stanse, etter at ein har kome så langt. Ein kan òg lure på om dei har snakka med arbeidstakarane som jobbar der, og som har levebrødet sitt der. Noko som kanskje òg er litt interessant å stille spørsmål om, er kvar dei meiner at energien skal gå. Har FrP tatt seg bryet med å sjekke kven som står som nestemann på lista i køen om den krafta? Det er datasenter og ammoniakk. Ja, det er greitt å vere klar over at dei synest at det er viktigare enn den norske petroleumsnæringa. No har allereie FrP vingla om EØS i tidlegare debattar. I denne saka er dei med og set sluttdato på eit viktig utvinningsområde. Eg lurer på kva leverandørindustrien i heimtraktene mine kan forvente seg i tida som kjem. Kan ein risikera at ein er halvvegs i mål med eit garantert prosjekt som så mistar støtta i neste runde? Nei, veit du kva, eg trur ikkje at det er eit spesielt trygt alternativ. Då vil eg iallfall seie at for Arbeidarpartiet er den tryggleiken og føreseielegheita ein hjørnestein som vi har tenkt til å ta vare på.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat