Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 10. feb 2026

Anne Grethe Hauan
Anne Grethe Hauan
Fremskrittspartiet·Vestfold

SakMøte tirsdag den 10. februar 2026 kl. 10

Innlegget

I Vestfold står tusenvis utan jobb. Bygg- og anleggsfolk merkar det først – og dei merkar det hardt. Likevel har regjeringa gjort det vanskelegare å få jobb nettopp her. Sidan 1. april 2023 har Vestfold, saman med Oslo, Akershus, Buskerud og Østfold, hatt strengare reglar enn resten av landet. På byggeplassar er det nesten umogleg å leiga inn folk frå bemanningsbyrå, sjølv når behovet er kort og heilt nødvendig. Resten av landet slepp. Det er ikkje rettferdig. Det er rein forskjellsbehandling. Regjeringa sa at dette skulle gje fleire faste jobbar, men etter snart tre år finst det framleis ingen bevis for det. Det me har fått, er meir overtid, fleire mellombelse kontraktar og meir utryggleik – altså mindre tryggleik, ikkje meir. Og kva er det største problemet? Regjeringa nektar å erkjenna kva bemanningsbransjen faktisk er. For mange er dette døra inn i arbeidslivet. Ikkje alle klarer å skaffa seg jobb åleine. Mange unge treng ein første sjanse. Mange av dei som har stått utanfor, treng ein ny start. Der stiller bemanningsbyråa opp. Dei opnar døra. Men etter innleigestoppen har over 11 500 færre unge fått jobb. Det er 11 500 færre sjansar. Det er ikkje inkludering. Det er å smella døra igjen. Samtidig skaffar bemanningsbransjen arbeidskraft norske bedrifter faktisk treng, også gjennom internasjonal rekruttering. Utan det stoppar prosjekt opp. Og dette er ikkje ein «vill vest»-bransje. Han er gjennomregulert. Arbeidstilsynet fører kontroll. Arbeidsmiljølova krev likebehandling og lik lønn. Folk skal ha same lønn og vilkår som fast tilsette, ofte betre. Å kalla dette sosial dumping er berre skremselspropaganda. I Vestfold ser me konsekvensane kvar dag: Bedrifter må takka nei til oppdrag, prosjekt stoppar opp, og folk mistar moglegheiter. Dette rammar ikkje systemet. Det rammar heilt vanlege folk som vil jobba. Fremskrittspartiet meiner fast jobb skal vera hovudregelen, men ein kan ikkje forby eit behov. Arbeidslivet treng fleksibilitet, ikkje fleire politiske eksperiment. Difor vil me tilbake til reglane som fungerte: La bedrifter leiga inn når dei treng det, og fjern det urettferdige forbodet som rammar Vestfold og desse fylka. Dette handlar om arbeid, moglegheiter og om å sleppa folk inn. FrP vel arbeid framfor forbod. FrP vel folk framfor byråkrati.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat