Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
På Kalnes videregående skole finst det eit opplæringsprogram som heiter Fiske og fangst. Fiske og fangst er jo mykje kjekkare enn fiske og forbod. Her trengst det ein dispensasjon for å få lov til å driva dette opplæringsprogrammet på ein skikkeleg måte. Eg har stilt eit skriftleg spørsmål og fått til svar at denne ordninga for moglegheita til å gje dispensasjon tredde i kraft 1. januar 2026. No byrjar me å koma eit stykke inn i 2026, og eg såg ei positiv haldning i svaret som vart gjeve. Då er mitt spørsmål: Kan statsråden no bekrefta at det vil verta gjeve dispensasjon, sånn at ein kan behalda opplæringsprogrammet Fiske og fangst på Kalnes videregående skole?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
