Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 11. feb 2026

Anne Grethe Hauan
Anne Grethe Hauan
Fremskrittspartiet·Vestfold

SakMøte onsdag den 11. februar 2026 kl. 10

Innlegget

Takk for svar. Demens er ei av dei raskast veksande helseutfordringane me står overfor. Over 100 000 menneske lever med demens i dag, og talet vil auka kraftig med ei aldrande befolkning. Alzheimer står for fleirtalet av tilfella, men altfor mange får diagnosen for seint, når språk, funksjonar og evne til å ta eigne val allereie er svekte. Då blir konsekvensane skyvd over på pårørande, og dei største kostnadene kjem for seint i forløpet i kommunane. Samstundes finst det no moglegheit for tidlegare diagnostikk og sjukdomsbremsande behandling for ei avgrensa pasientgruppe i tidleg fase. Utfordringa er ikkje mangel på kunnskap, men at helsetenesta ikkje er rigga for å ta dette i bruk i tide. Dei regionale helseføretaka leverte i desember 2024 ein rapport til statsråden om kva som må på plass for å kunna ta dette i bruk. Spørsmålet er: Kan statsråden gjera greia for korleis denne rapporten er følgt opp så langt, og kva konkrete føringar regjeringa har gjeve eller vil gje for vidare oppfølging og kapasitetsbygging?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat

Anne Grethe Hauan (Fremskrittspartiet) — Replikk · 11. feb 2026 — OverStortinget