Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 11. feb 2026

Anne Grethe Hauan
Anne Grethe Hauan
Fremskrittspartiet·Vestfold

SakMøte onsdag den 11. februar 2026 kl. 10

Innlegget

Statsråden viste til Demensplan 2030. Kort sagt er dette ein plan som ikkje er vedteken enno, og som først skal koma neste år. Fram til då går helsetenesta vidare slik det er i dag, og slik det er i dag, har me for lite kapasitet til tidleg utgreiing, for å få fagmiljø med rett kompetanse, og det er lange ventetider mange stader i landet. Sverige og Danmark har allereie rigga systema sine for tidleg Alzheimer-utgreiing og førebur innføring av slik behandling. Me i Noreg ventar framleis. Resultatet er at pasientar kjem for seint inn i systemet, pårørande må ta for mykje ansvar for lenge, og kommunane får rekninga når behovet for tung omsorg kjem. Me likar å tru at Noreg er blant dei beste, men her kjem me sist i gang. Mitt spørsmål til statsråden er: Kvifor ventar regjeringa med å rigga helsetenester til ein plan som ikkje er vedteken, og først kjem neste år, og kan statsråden garantera at Demensplan 2030 blir meir enn fine ord og faktisk fører til reell endring?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat