Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
No begynte statsråden å koma inn på det som er kjernen her. Det er ei veldig spesiell haldning at dersom ein godkjenner noko så naturleg i 2026 som å ha innlagt vatn og avløp, så ein både kan gå på toalettet og sløya fisk, tenkjer ein at ein då kan ha ein annan bruk enn det kommunen har godkjent for. Det verkar veldig spesielt å leggja til grunn ei sånn forståing av regelverket. Eg meiner at lokaldemokratiet, og Framstegspartiet er veldig tydeleg på det, skal få lov til å bestemma noko så sjølvsagt som kva som skal kunna vera inne i eit naust – og det er framleis eit naust. Då må eg stilla spørsmålet tydelegare, for å få eit tydeleg svar: Meiner statsråden at det skal vera forbode for ein kommune i Noreg å kunna godkjenna vatn og avløp i alle former for naust, eller skal det vera opp til lokaldemokratiet i planprosessar sjølve å kunna ta stilling til det?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
