Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 12. feb 2026

Anne Grethe Hauan
Anne Grethe Hauan
Fremskrittspartiet·Vestfold

SakMøte torsdag den 12. februar 2026 kl. 10

Innlegget

No er me komne dit at sjukehusa våre ikkje strekk til lenger. Folk må venta lenger, avdelingar blir kutta, og det er rett og slett færre som får behandling når dei treng det. Det handlar om folk og om tryggleiken deira, om dei eldste blant oss, som ikkje tel dagar lenger, men timar, og som likevel må venta i månadsvis på ein enkel kontroll. Det handlar òg om småbarnsforeldre som må ta fri frå jobb, ordna barnevakt og køyra mil etter mil for ein legetime som eigentleg burde vore rett rundt hjørnet, og om dei som lever med sjukdom kvar dag, som får beskjed om å venta litt til og litt til mens helsa blir dårlegare. Sånn skal det ikkje vera i Noreg. Sjukehusa må likevel bruka store delar av budsjettet sitt på renter og avdrag – ikkje på pasientar, ikkje på folk, men på gjeld. Det er bakvendt. Dei tilsette spring beina av seg – dobbeltvakter og for få folk på jobb, folk som sluttar fordi det blir for tungt. Samtidig sender staten rekning. Det er som å be ambulansen stoppa i bomringen mens pasienten ligg bak. For oss i FrP er det rett og slett feil prioritering – og dette skjer hos oss. I Vestre Viken ser me det heilt konkret. Vestre Viken helseføretak er blant dei som går med store underskot. Hundrevis av millionar manglar i budsjettet. For oss som bur i Vestfold, betyr det press på Sykehuset i Vestfold. Det betyr færre folk på jobb, lengre ventelister og behandling som blir utsett. Pengar som skulle gått til pasientane våre, går rett til banken. Staten eig sjukehusa. Staten bestemmer bygga, men det er pasientane som betaler prisen. For oss i FrP er det rett og slett feil. Grunnen til at me tek denne saka opp no, er enkel: Rekninga har blitt for stor. I dag må sjukehusa låna pengar til nye bygg, og renter og avdrag blir betalte frå den same potten som pasientbehandlinga. Då blir det mindre igjen til folk. Å utsetja og å greia ut meir løyser ingenting. Banken ventar ikkje på utgreiingar. Rekninga kjem kvar dag. Dette er ikkje noko som kan sendast vidare til nye rapportar. Det er ei politisk prioritering, og prioriteringar er det me på Stortinget som skal ta ansvar for. Viss dette forslaget blir stemt ned, veit me kva som skjer. Då får me fleire kutt, færre tilsette og lengre køar – eit helsevesen som sakte blir dårlegare, år for år. Men viss forslaget vårt blir vedteke, slepp sjukehusa å ta pengar til renter og avdrag frå drifta. Då går pengane til behandling, fleire folk på jobb og kortare ventetider – til pasientane. Så enkelt er det. Skal pengane gå til bank eller til behandling? FrP vel pasientane. Difor må dette endrast, og det må endrast no.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat