Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 12. feb 2026

Erling Sande
Erling Sande
Senterpartiet·Sogn og Fjordane

SakMøte torsdag den 12. februar 2026 kl. 10

Innlegget

Senterpartiet er oppteke av at vi skal ha eit godt og velfungerande fråværsreglement i norsk skule. Elevane skal møte i skulen, vi skal motverke skulefråvær, og vi må få fleire til å fullføre skuleløpet. Samtidig kan vi ikkje ha eit regelverk som er for rigid. Reglane må ikkje vere utforma på ein måte som f.eks. rammar elevane som har behov for å oppsøkje skulehelsetenesta. Det handlar om sunn fornuft. Vi i Senterpartiet er opptekne av at når vi får så mange tilbakemeldingar frå lærarar, frå helsesjukepleiarar, frå elevane sjølve og frå skulane, må vi lytte. Difor er det gledeleg at Stortinget samlar seg om å be regjeringa rydde opp i regelverket slik at fråvær ikkje tel for besøk hos skulehelsetenesta. Eg skulle gjerne ha sett at Stortinget kunne vist vilje til òg å gjere justeringar knytte til føraropplæringa, for regelverket opnar for at teoriprøva og førarprøva i klasse B blir sett på som gyldig fråvær. Samtidig er det mange plassar, spesielt i distriktsområda, der mange elevar brukar traktor, snøskuter og anna og kunne trengje å få òg den typen kursing godkjend som fråvær. Det ville betydd mykje for dei ungdomane det gjeld, og det ville ikkje fått store konsekvensar eller ført til ein omfattande auke i sjukefråværet. Vi skulle òg hatt ei auka bevisstheit kring at ein del tenester, som f.eks. spesialisthelsetenesta, medfører ekstra fråvær for nokre elevar fordi dei tenestene er geografisk langt frå der dei bur. Det er noko vi også må ha fokus på framover. Dette er uansett eit viktig steg i rett retning. Eg avsluttar med å ta opp det forslaget som Senterpartiet har i saka.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat