Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Viss dette var to identiske forslag, må ein jo stille seg spørsmål om kvifor forslaget Raudt no gir tilslutning til, i det heile tatt har kome opp. Kvifor kan ein då ikkje støtte det opphavlege forslaget, som er klarare og tydelegare og i langt større grad samsvarande med det som har vore Raudt sin retorikk tidlegare i dette spørsmålet? Det samsvarte med det Raudt var for i trontaledebatten, og med det Raudt sine representantar f.eks. i Sogn og Fjordane har gått rundt og sagt, nemleg at modellen må ryddast opp i raskt. For nokon er debatten rundt finansieringa av sjukehusbygg meir akutt enn for andre, og i mitt valdistrikt, Sogn og Fjordane, ser ein kor dysfunksjonell denne modellen er. Investering i eit nytt og nødvendig sjukehusbygg ved Førde sentralsjukehus fører til nedbygging av tilbod ved Lærdal sjukehus og Nordfjord sjukehus, og til forslag om endringar òg i akuttberedskapen som får heilt direkte konsekvensar for folk. Dette er eit problem i Sogn og Fjordane, i Helse Førde, men det kjem til å forplante seg også vidare. Når store, nødvendige investeringar f.eks. ved Haukeland sjukehus blir forsinka eller skubba ut i tid fordi ein nettopp har gjennomført store investeringar i andre delar av Helse vest, f.eks. i Stavanger, viser det òg kor dysfunksjonelt dette er, for det er lange avstandar mellom desse institusjonane. Så sjølv om veldig mange av talarane i denne sal har vore heilt tydelege på svakheita i modellen, at det hastar å få endra den, vel fleirtalet i dag å vatne ut vedtaket som ligg på bordet, og skubbe det ut i tid. For folk i eksempelvis Helse Førde sitt område er det ei ganske fattig trøyst at så mange uttalar seg positivt om ei endring av modellen, all den tid folk ser at det kjem til å trekkje ytterlegare ut i tid og føre til ytterlegare prosess. Eg er frykteleg skuffa over Raudt og SV i denne sal. Dei har tidlegare vore veldig tydelege, ikkje minst overfor veljarane og i valkampen, på at det hastar å få gjort noko med dette, men i dag kan dei ikkje stå ved det dei har sagt, og støtte eit forslag som både sikrar fortgang og effektivitet i omlegging av eit dysfunksjonelt system.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
