Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 12. feb 2026

Ingrid Fiskaa
Ingrid Fiskaa
Sosialistisk Venstreparti·Rogaland

SakMøte torsdag den 12. februar 2026 kl. 10

Innlegget

USA har trua ein alliert i våre arktiske nærområde. Eg vil takka statsministeren for raskt å svara på SV sitt ønske om ein sikkerheitspolitisk debatt her i Stortinget. SV har i ei årrekkje åtvara mot å gjera oss avhengige av stormakta USA. Me meinte me heller burde kjøpa svenske kampfly enn dei amerikanske, og me var imot å etablera amerikanske militærbasar – såkalla omforeinte område. SV har stilt spørsmål ved om me faktisk har nasjonal kontroll på vår eiga etterretning. Denne veka fremja me forslag om ein exitstrategi for å gjera landet mindre sårbart for den kontrollen amerikanske tekselskap har over vår digitale infrastruktur, våre offentlege data og den offentlege samtalen. Med få unntak har heile breidda av det norske Stortinget latterleggjort denne skepsisen, men den siste tida har det snudd. No er det ikkje lenger berre SV som er redd for å gjera seg avhengig av ei stormakt, no er den bekymringa allemannseige. Med Trump ved rattet har interessemotsetningane mellom småmakta Noreg og stormakta USA blitt sett på spissen. Der Noreg er avhengig av ein internasjonal rettsorden, med låg spenning i nordområda, er den sterkastes rett heilt greitt for USA. SV har lenge stilt spørsmål ved USAs sikkerheitsgaranti. Den har blitt sett på som grunnsteinen i NATO og for heile den norske sikkerheits- og forsvarspolitikken. Det viser seg nå at norsk sikkerheitspolitikk er bygd på eit fundament som ikkje eksisterer. Det burde ikkje vera umogleg å føresjå for fleire enn SV at USA fyrst og fremst vil tenkja på seg sjølv. Når erkjenninga kjem såpass seint, hastar det desto meir med å byggja ein ny og meir solid grunnmur for vår sikkerheit. SVs leiar kom nettopp heim frå Grønland. Ho drog til Nuuk for å visa vår støtte til eit hardt prøvd folk. Ho fortel om gripande møte med grønlandske parlamentarikarar. Dei hadde nyleg eit ekstraordinært landsting der alle sat og lurte på om det var siste gong dei skulle møtast i sitt eige parlament. Trump er ein trussel mot sikkerheit, folkerett og suverenitet, men òg i høgaste grad mot demokratiet. Me lever i ei tid der autoritære krefter er på frammarsj mange plassar, til og med i det landet fleirtalet i denne salen i så lang tid har påstått er Noregs nærmaste allierte. Det er nye tider, og skal me trygga den norske befolkninga, er me nøydde til å realitetsorientera oss i det nye geopolitiske landskapet, ikkje køyra på autopilot. At Etterretningstenesta ikkje nemner USA i si oppdaterte trusselvurdering, gjer meg uroleg. For å sitera forskar Julie Wilhelmsen: «Det blir åpenbart at det er et sterkt filter mellom den virkeligheten vi står i, og E-tjenestens beskrivelse av den.» Korleis føregår eigentleg etterretningssamarbeidet med USA no? Det er ikkje berre militært at Noreg har gjort seg avhengig av USA, det gjeld òg på det digitale området. SV har i lang tid teke til orde for lokal datalagring og statleg kontroll over sensitive data. Har regjeringa vurdert konsekvensane for norsk digital sikkerheit dersom det blir ein tilspissa situasjon mellom USA og oss, f.eks. på grunn av Grønland? La meg avslutta med å minna om fjellvettreglane: Det er ingen skam å snu. Eg er glad for at regjeringa har styrkt det nordiske og nordeuropeiske forsvarssamarbeidet, og ofte – men dessverre ikkje alltid – ser til nordeuropeiske partnarar for produksjon og kjøp av nytt forsvarsmateriell, men me må òg ta konsekvensane av at det ikkje er i norsk interesse å oppretthalda dei amerikanske militærbasane. Me må føra ein klok og avbalansert politikk for å hindra at Svalbard blir meir utsett. Auka militarisering er ikkje svaret. Me må byggja og tryggja vår industrielle ryggrad og matproduksjon for å hindra at landet blir ein einsidig råvareleverandør og endå meir avhengig av import utanfrå. Me må byggja og forsvara fellesskapet og demokratiet med langt større innsats enn før. Verkeleg sikkerheit og motstandskraft kjem innanfrå. I ei uroleg tid må svaret vårt vera samfunnsbygging.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat