Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 12. feb 2026

SakMøte torsdag den 12. februar 2026 kl. 10
Innlegget
Framstegspartiet har i alle år kjempa for at elevar og foreldre skal få auka sin valfridom og ha eit mangfaldig skuletilbod. Det er difor viktig for oss at det skal vere enkelt å etablere friskular, då dette er eit godt supplement til den offentlege skulen. Dette inkluderer bl.a. å redusere vektinga av uttalene til kommunane og fylka, som i praksis no dei siste åra har betydd eit veto mot etablering etter endringane som blei gjort i 2023. Vi vil òg motsetje oss regjeringa si innstramming av livssynskrav. Dei vanlegaste grunnane til at kommunane eller fylka er negative til etablering av friskular, er at dei meiner det går utover deira eigne skular, og at rammeoverføringa frå staten kan bli redusert. Dette er konsekvensar det er vanskeleg å kome bort frå når det blir etablert ein friskule i området, men i tillegg er det verdt å merke seg at kommunane ikkje blir trekte fullt for elevar som går over til ein friskule. Etter at den endringa i lova blei gjort i 2023, verkar det nesten meir som det er ideologien som har styrt, ikkje departementet sine faglege vurderingar av kva som er det beste for elevane i desse sakene. Framstegspartiet er heilt imot instruksen om innstramming av livssynskrav som blei send Utdanningsdirektoratet. Konsekvensen av denne instruksen var at ei rekkje skular fekk avslag frå Utdanningsdirektoratet grunna manglande livssynstilknyting. Dette medførte bl.a. at Akademiet ikkje fekk etablere seg på Ski og i Lillestrøm. Det er òg ei rekkje andre skular som har fått avslag med denne grunngjevinga, som har kome opp i debatten her frå andre representantar. Vi i Framstegspartiet synest den grunngjevinga er heilt, heilt urimeleg. Praktiseringa som har vore sidan 2024, då Utdanningsdirektoratet fekk ny instruks frå departementet, har medført at færre friskular har fått etablere seg, og at den grunnleggjande retten elevane og foreldra har til å velje skule, har blitt svekt, då færre har fått lov til å etablere seg, og tilbodet har blitt mindre. Det bidreg sjølvsagt til mindre mangfald i tilbodet til elevane. Framstegspartiet meiner det er riktig at vi skrotar den instruksen og lovendringa som har blitt gjort, og sørgjer for at elevane og foreldra får reell valfridom, uavhengig av kor i landet dei bur.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat