Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
49:34] (leiar i komiteen og ordførar for saka): Helse- og omsorgskomiteen har behandla og gitt innstilling i saka om ny finansieringsmodell for sjukehus. Komiteen har hatt eiga høyring i saka. Eit fleirtal i komiteen står bak forslaget til ein ny finansieringsmodell der store sjukehusinvesteringar må prioriterast av Stortinget i Nasjonal helse og samhandlingsplan og fullfinansierast over statsbudsjettet, og at statlege lån til sjukehusa inntil slik finansieringsmodell er på plass, må verta gitt til kostpris. Det er òg lagt inn eit felles forslag i dag, der ein ber regjeringa fremja forslag om ein ny finansieringsmodell der ein skil mellom investering og drift, slik at store sjukehusinvesteringar vert fullfinansierte over statsbudsjettet. Eg vil tru at dei partia gjer greie for sitt syn i denne saka. Men no les vi i media at Raudt og SV i staden for å støtta fleirtalsforslaget, som vil ha ein annan måte å styra sjukehusa på, no skapar fleirtal for eit meir utydelege forslag som er fremja frå Arbeidarpartiet. Det må eg seia eg synest er litt skuffande for oss som trudde at både SV og Raudt stod saman med Senterpartiet i kampen for å gå bort frå marknadsstyringa i helsevesenet, gå bort frå den forretningsrekneskapen som ligg bak dagens modell, der investeringar av sjukehus må tas av drifta. Forslaget som er fremja frå Arbeidarpartiet i dag, vurderer vi ikkje betyr at vi får ein ny finansieringsmodell som skil mellom investering og drift. Det skal berre greiast ut eit slikt forslag, og det vil ikkje bety at store nye sjukehusbygg vert fullfinansierte over statsbudsjettet. Det skal kanskje gjera det, heilt eller delvis. Det vil utgreiinga visa. Vi meiner at dagens finansieringsmodell, kor rekneskapslovas prinsipp vert anvendt til sjukehus og fører til at kapitalkostnader, altså at renter og avskrivingar skal dekkjast over totalbudsjettet, må endrast. Det er jo òg halve helseføretaksmodellen. Det fører til store utfordringar i helseføretaka at ein må kutta i bemanning, eller sentralisera tenester for å få råd til å betala for dei investeringane ein har gjort. Vi vil oppmoda dei partia som er einige med oss om ei ny finansiering, om å støtta vårt forslag. Eg vil til slutt ta opp dei forslaga som Senterpartiet er ein del av.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
