Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Det at ein ikkje skil mellom investeringar og drift i sjukehusa, er eit resultat av det ein gjorde da ein innførte helseføretaksmodellen i 2002, nemleg at ein òg bestemte at sjukehusa skulle vera underlagde rekneskapslova. Ein innførte altså ein forretningsrekneskap for sjukehus etter kopi av det private næringslivet. Den gongen var det ikkje greidd ut, det var hasteinnført i Stortinget, og det har vore der sidan. Poenget til oss i Senterpartiet er at denne forretningsrekneskapen ikkje eignar seg i det offentlege helsevesenet. Eg trudde at dei i SV òg var einige med oss i det. Eg trudde dei var einige i at vi må skilja drift og investeringar i sjukehus. Eg trudde òg at Raudt var einige. Det står i alle fall i programmet deira at dei vil skilja drift og investeringar i sjukehus. Det som skjer her i dag, er at vi har eit fleirtal i denne salen for å skilja drift og investeringar i sjukehus, og så stemmer altså Raudt og SV mot det. Viss det ikkje var eit alternativ, kan eg forstå det, men ein droppar det som vi var einige om, og ein stemmer mot at vi skal skilja drift og investeringar i sjukehus. Da gir ein regjeringa anledning til å gjera det som statsråden sa i innlegget sitt: No skal vi sjå på om vi skal skilja drift og investeringar i sjukehus, og vi skal sjå på om sjukehus skal fullfinansierast over statsbudsjettet eller ikkje. Det som gjer denne saka så spesiell, er at det er eit reelt fleirtal i Stortinget for å skilja drift og investeringar i sjukehus, slik at vi går bort frå den forretningsrekneskapen som sjukehusa i dag er pålagde å verta styrte etter – ein kopi av det private næringslivet – som gjer at vi får desse veldig utrulege situasjonane der ein f.eks. må leggja ned ortopedien i Lærdal for å klara å betala rekninga for det nye sjukehusbygget i Førde, eller ein må kanskje leggja ned sjukehusaktiviteten i Egersund fordi det er så dyrt å betala tilbake lån og avdrag for det nye sjukehuset i Stavanger. Så les vi i media at det som skal vera så veldig bra med Arbeidarpartiets forslag, er at det står der at ein skal sikra at investeringar ikkje går ut over drifta. Men når ein sit i helsekomiteen og jobbar med helsepolitikk, veit ein at når vi seier at drift og investering skal skiljast, er det jo nettopp for at investeringar ikkje skal gå ut over drift. Noko anna må ein ikkje lata som. For å gjera det heilt tydeleg har vi lagt inn ei linje i forslaget vårt, slik at Raudt i alle fall ikkje kan bruka det som argument for å stemma mot sitt eige program når det gjeld å skilja drift og investeringar i norske sjukehus.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
