Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 12. feb 2026

Kjersti Toppe
Kjersti Toppe
Senterpartiet·Hordaland

SakMøte torsdag den 12. februar 2026 kl. 10

Innlegget

Fleire har i debatten tatt opp at det i samband med trontaledebatten i haust vart fatta eit vedtak om å be regjeringa om å sørgja for at minst ein av modellane som vert utgreidde i samband med ny helsereform, innebar å skilja mellom drift og investering i sjukehusa, og at dette skulle verta lagt fram for Stortinget, med forslag til endringar. Poenget er at Senterpartiet fremja eit eige forslag i samband med trontaledebatten. Vi var i den same diskusjonen med Arbeidarpartiet den gongen. Vi vart ikkje einige fordi Arbeidarpartiet ville utgreia, mens vi vil vera tydelege på at vi skal skilja drift og investering. Det er det som er grunnlaget for at ein i dag har ein dysfunksjonell måte å finansiera sjukehustilbodet på. Vi fremja forslag om at «Stortinget ber regjeringen utrede og foreslå endringer av finansieringen av helseforetakene slik at det skilles mellom drift og investering». Når ein sjekkar kven som støtta vårt forslag da, finn vi noko som ser litt spesielt ut i dag. Dei som støtta det forslaget, var SV, Raudt og KrF. Så om nokon skal bli skulda for å vingla og meine ulike ting i denne saka, er det iallfall ikkje Senterpartiet. Ein kan heller spørje kvifor Raudt og SV meiner noko anna no, når dei i dag stemmer imot eit forslag som seier at ein skal skilja mellom investering og drift av sjukehusa. Vi kan godt ha ein debatt om at vi er veldig einige i denne saka, men vi må òg sjå på kva vi stemmer imot, og ikkje berre sjå på kva vi stemmer for. Her stemmer eit parti imot det som dei tidlegare har stemt for, og mot det som står i partiprogrammet deira – at ein skal skilja mellom drift og investering på sjukehus fordi ein skal bort frå den forretningsrekneskapen som ligg til grunn, og som har vore ein del av heile helseføretaksreforma. Til representanten Kai Steffen Østensen frå Arbeidarpartiet, som ikkje skjønar kva som er forskjellen på desse forslaga, og som seier at dei har same inngang, at ein vil ha ein ny finansieringsmodell: Ja, men det jo ikkje ein seier å få eit vedtak om ein ny finansieringsmodell. Det er sett ned eit ekspertutval, som skal kome med forslag om nettopp det, så det tar eg for gitt. Sjølv om desse forslaga har den same inngangen, har dei ikkje den same utgangen. Den store forskjellen er at vi er tydelege på at vi ikkje kjem utanom å skilja drift og investering, mens det andre forslaget, som Arbeidarpartiet er med på, handlar om at ein skal sjå på og utgreia dette. Der har vi kome lenger, og vi skulle ønskt at vi kunne fått fleirtal for det.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat