Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Fleire har vore inne på om det trengst ei utgreiing eller ikkje i samband med forslaget vårt, og då vil eg berre minna om ordlyden i forslaget: at Stortinget ber regjeringa leggja fram forslag til ein finansieringsmodell for sjukehus som skil mellom drift og investering. Vi ber ikkje regjeringa om å innføra dette med ein gong, men koma tilbake til Stortinget med ei sak. Då veit alle som er her, at vi òg får sikra at ei regjering kan gjera nødvendige utgreiingar av det, og det er ein heilt vanleg måte å gjera det på. Men det Arbeidarpartiet og fleirtalet seier, er at Stortinget skal få ei utgreiing av ulike modellar. For eksempel seier helsereformutvalet no at dei òg greier ut ei finansieringsordning der ein skal vurdera ei forsikringsbasert finansiering av helsevesenet, der alle skal bli pålagde ei helseforsikring. Då meiner vi det er viktig at Stortinget seier kva dei meiner er mogleg. Vi er veldig tydelege på at det å skilja investering og drift er nøkkelen til at vi får ei betre helseteneste og betre sjukehusdrift. Eg er blitt omtala som tendensiøs av SV, men eg refererer berre til kva SV stemmer mot i debatten i dag, nemleg at dei vil stemma mot eit klart forslag om å skilja mellom investering og drift. Så har eg òg blitt kalla forvirra av representanten Kristjánsson, og det kan det godt vera eg er, men eg trur ikkje eg er det i denne saka. I dag stemmer vi over eit tydeleg forslag om vi skal skilja investering og drift. Då kan ein lesa dei to forslaga. Det er det som er den store forskjellen og den store usemja i denne saka. Vi kan sjå på det som er felles i forslaga, men det er eit poeng at fleirtalet stemmer mot eit forslag om å skilja investering og drift ved sjukehusa våre, og det er òg eit poeng at mange parti no går vekk frå innstillinga dei stod bak for ei veke sidan. Når vi snakkar om kor ansvarleg Stortinget skal vera, synest eg det er litt spesielt. Så er det ikkje så mange som har snakka om kva helsefolka ønskjer her. Legeforeningen er knalltydelege i svaret på høyringa – dei gir stor støtte til dette forslaget og argumenterer veldig bra for det. Skal vi høyra på dei som faktisk jobbar med pasientane i kvardagen, skal vi faktisk støtta forslaget om ein ny finansieringsmodell som skil mellom drift og investering.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
