Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Her skal eg faktisk seia at eg var einig i ein god del av det siste talar sa, sjølv om vi er ueinige om kva slags forslag som skal støttast. Det representanten sa, var at det som no kan få fleirtal, handlar om å sjå på det å skilja investering og drift og at det skal vera eitt av fleire alternativ. Det synest eg var ei god oppsummering, for da er ein ved kjernen i saka. Vi vil ikkje berre sjå på å skilja investering og drift. Vi vil vera tydelege på at det er den modellen vi vil gå for. Vi vil ikkje sjå på dette som ein del av fleire alternativ. Det er dette som er alternativet vårt. I tillegg kunne ein ha nemnt at det går på om vi skal fullfinansiera store sjukehusinvesteringar over statsbudsjettet, eller om vi skal gjera det delvis. Det er kjernen i forskjellen på dei to forslaga, og det er det debatten har handla om. Vi er tydelege på at vi står på det vi stod for i innstillinga, og det vi òg har meint tidlegare i denne stortingssesjonen. Så vil eg seia litt om stemmegivinga vår. Vi stemmer for dei forslaga vi står bak i innstillinga, med dei endringane som er gjorde i ordlyden. Vi står bak forslag nr. 4, som var det lause forslaget. Vi vil ikkje stemma for forslag nr. 5, frå Arbeidarpartiet. Vi vil subsidiært kunna støtta forslag nr. 6.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
