Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 12. feb 2026

Lene Vågslid
Lene Vågslid
Arbeiderpartiet·Telemark

SakMøte torsdag den 12. februar 2026 kl. 10

Innlegget

Riksrevisjonen har gjennomført ei viktig undersøking på eit område som har høg prioritet hos regjeringa. Regjeringa deler både Riksrevisjonens og komiteens syn på situasjonen og er òg einig i store delar av beskrivingane i rapporten. Det me snakkar om her – barne- og ungdomskriminalitet – er eit samfunnsproblem som krev ein koordinert innsats, på tvers av både sektorar og forvaltingsnivå. Riksrevisjonens vurderingar og anbefalingar treff kjernen av dette viktige arbeidet. Me tek dei funna og dei anbefalingane som ligg, på alvor, og kjem til å følgje dei opp – i tett samarbeid med andre departement og underliggjande instansar. Ettersom Riksrevisjonens undersøkingsperiode ligg nokre år tilbake i tid, og regjeringa har høg merksemd mot å førebyggje og kjempe mot barne- og ungdomskriminalitet, må me òg ha med oss inn i diskusjonen at regjeringa allereie har teke og planlegg for fleire viktige grep på dette området. I haust kalla både justisministeren, eg og statsrådane i KUBU-samarbeidet inn alle underliggjande statlege etatar og kom med veldig klare og tydelege styringssignal, der me forventar og krev både meir og betre samarbeid. Som representanten frå MDG sa: Dei me snakkar om her i dag, er våre barn. Det er ikkje slik at det er barnevernsbarn som barnevernet har ansvaret for, eller ungdomskriminelle som berre politiet kan ha ansvaret for. Dette krev eit breitt og godt samarbeid. Arbeidarparti-regjeringa arbeider langs fleire linjer, både med konkrete tiltak, som auka straffer, og med tiltak for å auke både politiets og barnevernets handlingsrom i møte med barn som gjer kriminalitet eller er i faresona for det. I dette ligg òg arbeidet med den nye innrettinga av institusjonsbarnevernet, som Stortinget har slutta seg til gjennom kvalitetsløftet i barnevernet. Målet her er på ein mykje betre måte å klare å ivareta dei barna som har ulike og samansette behov, òg dei barna som kan ha kriminalitet som ein del av sitt handlingsmønster. I det førebyggjande sporet gjer me det gjennom finansiering av målretta tiltak, som bl.a. éin-til-éin-oppfølging av unge i randsona av kriminalitet, som er i gang, og som er styrkt i inneverande år. Me gjer det gjennom utviding av tilbodet med multisystemisk terapi, ofte kalla MST. Me piloterer forsterka institusjonstilbod i barnevernet. Me gjer det gjennom bruk av hurtigspor for raskare behandling av straffesaker. I tillegg kjem det breie førebyggjande arbeidet for at alle barn og unge skal oppleve at dei høyrer til. Me veit at sårbare barn ofte blir rekrutterte til kriminalitet gjennom bl.a. sosiale medium og digitale flater. Difor er trygg digital oppvekst òg ein sentral del av regjeringas plan for Noreg, og eg meiner det er relevant å nemne at me arbeider med aldersgrense i sosiale medium. Me løftar blikket for å finne ut korleis me kan leggje betre til rette for tverrsektorielt og tverrfagleg samarbeid for å møte det utfordringsbildet me ser. Me fortset arbeidet i kjernegruppa for barn og unge, der barne- og ungdomskriminalitet er eit prioritert område. Her er det bl.a. sett i gang eit arbeid med å greie ut rollar og ansvar på både statleg, kommunalt og fylkeskommunalt nivå. Dette meiner eg er grep som møter utfordringsbildet Riksrevisjonen beskriv i sin rapport, og som òg er i tråd med fleire av anbefalingane til Riksrevisjonen. Barne- og ungdomskriminaliteten er eit samfunnsproblem regjeringa prioriterer svært høgt. Eg er òg bekymra over at me ser ein auke særleg blant dei aller yngste, og at lovbrota blir meir alvorlege. Difor må me førebyggje at barn og unge i det heile blir rekrutterte inn i kriminaliteten, og så må me sikre at dei som bryt loven, blir møtt med raske og treffsikre reaksjonar. Me skal beskytte barna det gjeld, men me skal òg beskytte samfunnet. Bak den alvorlege barne- og ungdomskriminaliteten er det òg offer for den kriminaliteten. Alle barn har rett på beskyttelse og tryggleik, og difor er eg så glad for at både samarbeidet mellom justisministeren og meg og med resten av regjeringa i det tverrdepartementale samarbeidet ikkje berre er godt i gang, men òg fungerer veldig, veldig godt.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat