Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Eg ville ta ordet til innlegg fordi eg la merke til at representanten Borgli frå Framstegspartiet var opptatt av rekruttering av barn og unge til sal og bruk av narkotika. Det er eg også – eg er kjempebekymra over det me veit i dag om korleis både kyniske kriminelle og organiserte gjengar går etter dei mest sårbare barna via sosiale medium. Difor er det litt snodig at Framstegspartiet er det einaste partiet som er mot ei aldersgrense i sosiale medium. Eg meiner at me må forstå det digitale livet til barna våre, skal me forstå førebygging i dagens samfunn,. Viss ikkje me som er foreldre, har kunnskap om sosiale medium og digitale plattformer der kyniske kriminelle får tak i ungane våre, kan vi ikkje klare å kjempe på dei frontane me må. Skal me førebyggje kriminalitet, må alle som arbeider med barn og unge, også ha kunnskap og kompetanse om kva som skjer på internett. Det er jo ikkje slik at dei som blir rekrutterte i dag, nødvendigvis blir plukka opp på gata her ute. Dei kriminelle kjenner den digitale kvardagen til barna godt. Viss me ikkje klarar å regulere dette betre og ikkje hevar kompetansen både hos foreldre og tilsette som jobbar med barn, får me ei enorm blindsone. Difor er eg glad for at barnevernsinstitusjonane frå 1. januar i år har fått nye heimlar, slik at ein har høve til bl.a. å ha innsyn i elektronisk kommunikasjon. Det er dessverre nødvendig, for me veit at ein del av dei kriminelle går etter barn i barnevernet, og dei må bli beskytta betre både mot å skade seg sjølv og andre. Me også gjera meir for å sikre at barnevernsinstitusjonane har dei nødvendige verktøya for å gje god hjelp, omsorg og beskyttelse. Difor har både justisministeren og eg varsla at me kjem til å følgje opp Storberget-utvalet raskare enn me hadde tenkt. Eg vil berre tilbakevise påstanden frå Jon Engen-Helgheim om at ting går seint. Heilt til slutt: Her i Oslo og på Romerike er dei veldig gode på MST, multisystemisk terapi. Dei som arbeider med familiebasert, systematisk oppfølging av dei mest utsette barn og unge, får veldig gode resultat. Det er viktig å få sagt at ein jobbar tett med familiane i mykje av det gode arbeidet som skjer i Oslo, på Romerike eller andre plassar. Slik får ein barn og unge ut av kriminalitet, og det vil me ha meir av, ikkje mindre.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
