Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 12. feb 2026

Marius Langballe Dalin
Marius Langballe Dalin
Miljøpartiet De Grønne·Sogn og Fjordane

SakMøte torsdag den 12. februar 2026 kl. 10

Innlegget

Eg har jobba i helsevesenet i nesten 40 år. Eg har sett at det er nesten umogleg for helseføretaka å investere, og viss dei gjer det, må dei ta opp store lån frå staten som dei må betale ned over mange år. Det fører til nedskjeringar og dårlegare pasientbehandling. Akkurat no står vi ein perfekt storm. Det er dyrtid. Høge byggjekostnader, krig, konflikt og behov for å prioritere sikkerheit gjer at det blir heilt uføreseieleg med tanke på kor mykje pengar vi har til sjølve pasientbehandlinga. Dermed blir det nedskjeringar, og det blir uføreseieleg for pasientane våre. Kvifor skal staten tene pengar på at helseføretaka byggjer nye sjukehusbygg, mens pasientane får lide for det? Endeleg kan vi ta eit oppgjer med å drive helseføretaka som om dei var butikkar. Det har fungert utruleg dårleg. MDG har lenge vore for å skrote helseføretaksmodellen, og i dag set vi på Stortinget i gang med det arbeidet. Som lege har eg sjølv hatt mange pasientar som har hatt fleire nyresteinsanfall i døgnet, og eg har måtta sjå dei i auga og fortelje dei: Beklagar, vi kan ikkje operere deg no, du må nok vente til i morgon eller kanskje til i overimorgon, for vi har så liten kapasitet på operasjonsstova, bl.a. fordi vi har ei gamal operasjonsstove med altfor få operasjonssalar. Det er på høg tid å gjere noko med dette, for dette er ikkje ein verdig måte for meg å behandle pasientane mine på. Å endre modell betyr ikkje at det blir meir pengar til gode føremål, men det betyr at det blir tryggare og meir føreseieleg å vere pasient i Noreg. Eg har tillit til at statsråden verkeleg ønskjer å gjere fornuftige endringar i finansieringsmodellen, men realiteten er at vi har hatt denne debatten i mange år. I dag meiner vi det er tid for å sende ei tydeleg bestilling til regjeringa: Vi skal ha ein ny finansieringsmodell, vi skal ikkje berre greie ut vidare. Vi har eit framlegg saman med bl.a. FrP, Senterpartiet og KrF, som no ser ut til å ha mista fleirtalet sitt. Vi ser det likevel som ein stor siger at Arbeidarpartiet har måtta flytte seg ein kilometer i vår retning for å få fleirtal for si utgreiing, som vi kjem til å stemme for subsidiært. No er regjeringa nøydd til å levere på ein modell som skjermar pasientane frå den vanvitige, uføreseielege situasjonen vi ser i dag, og i staden ta statleg ansvar. Når dei no skal leggje fram alternativ for korleis vi finansierer sjukehusa, kan ikkje regjeringa sjå bort frå at fleirtalet på Stortinget ønskjer å skjerme pasientane. Som kirurg gjennom mange år og som tillitsvald har eg gong på gong erfart kor krevjande det har vore å måtte leve med gamle og dårleg vedlikehaldne operasjonsstover og bygg, og korleis det har gått ut over pasientane. Det er på høg tid at staten tek ansvar for investering og risiko, slik at det kan bli føreseieleg for tilsette og endå betre kvalitet i pasientbehandlinga.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat