Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 12. feb 2026

Marthe Hammer
Marthe Hammer
Sosialistisk Venstreparti·Hordaland

SakMøte torsdag den 12. februar 2026 kl. 10

Innlegget

Vi har ei sjukehusfinansiering som har gått ut på dato. Vi treng nye sjukehus, vi treng nye moderne bygg og lokale, men når resultatet er at splitter nye einerom må byggjast om til dobbeltrom, sjukehus blir bygde utan pauserom, eller ortopedi og barsel må leggjast ned i distrikta, som i Lærdal, er det ikkje berre eit spørsmål om rom og desentralisering. Det handlar om pasientbehandling i det heile. Vi står overfor ei enorm gjeldsbelasting i norske sjukehus. Ho er over 60 mrd. kr, og ho vil aukast til over 100 mrd. kr. Dette blir i dag betalt av pasientane. Når sjukehus etter sjukehus må spare i hundremillionarsklassen, merkast det på klinikken. Dette skuldast ikkje at drifta er dårleg eller ineffektiv, det skuldast gjeld og renter. Difor er eg svært glad for at vi i dag sikrar eit fleirtal med regjeringa for ein ny sjukehuspolitikk. Vi kan ikkje fortsetje med at store – svært store – sjukehusinvesteringar skal gå på kostnad av drifta av sjukehusa. Vi treng å skilje drift og investering, og vi treng at sjukehusbygg i større grad blir finansierte og vedtekne i Stortinget, i denne salen. Dette er ein svært viktig dag for ein svært viktig sektor. Helsesektoren er sjølve juvelen i den norske velferdsstaten. Viss folk mistar tilliten til at ein får den beste pasientbehandlinga i norske sjukehus, risikerer vi at heile det norske velferdssystemet raknar. Difor er dagens vedtak så viktig. Vi må slutte med at det er tilsette og pasientar på kvart enkelt sjukehus som må ta heile kostnaden og ansvaret for nødvendige investeringar på sitt sjukehus. Helsepersonell spring nok allereie. Vi må endre at grunnen er at sjukehuset investerer, og at det har så mykje gjeld og må betale så mykje renter til den norske stat. Dette er ein historisk dag. Det er starten på ein ny sjukehuspolitikk.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat