Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Eg meiner fellesskulen er vårt første konkurransefortrinn. Her møtast barn og unge, uavhengig av bakgrunn, utgangspunkt eller interesser, i same klasserom for å lære av kvarandre og med kvarandre. Fellesskulen har etter mitt syn alltid hatt ei viktig rolle i samfunnet vårt, men når verda er uroleg, ordskiftet er skarpare og motsetningane teiknar større, meiner eg at denne rolla blir endå viktigare. Det har ein verdi at elevar med ulik bakgrunn møtest i same skule, at barn og unge som elles kanskje aldri ville bli kjende, blir kjende med kvarandre, får nye perspektiv og lærer av erfaringane til kvarandre. I eit verdssamfunn der mange prøver å skape eit skilje mellom oss og dei, er fellesskulen vårt fremste konkurransefortrinn For å gjere det klart: Som det kjem fram av saka, støttar ikkje Arbeidarpartiet forslaget vi diskuterer i dag om å liberalisere privatskulelova. Etter vårt syn er det viktig å hegne om fellesskulen, og også at private tilbod kan vere eit godt supplement fleire plassar. At lokale og regionale folkevalde kjenner sitt lokalmiljø, sin situasjon, sine utfordringar og moglegheiter best, er ingen hemmelegheit, det er heilt openbert. Dei endringane som blei gjorde i privatskulelova i 2023, som Venstre føreslår å fjerne, hadde bakgrunn i eit ønske om meir lokaldemokrati. Det går ut på at vertsfylket eller vertskommunen sin uttale skal bli lagt vesentleg vekt på. Det er ikkje nokon vetorett, og det er framleis mogleg å endre privatskular, sjølv om det ikkje er støtte for det lokalt. Arbeidarpartiet står for det regjeringa gjorde i 2023, og meiner det var ei viktig og riktig endring i privatskulelova. Vi har mange utfordringar i norsk skule i dag, men ei for streng privatskulelov er ikkje ei av dei. Arbeidarpartiet er meir opptatt av å jobbe for meir og betre læring, sikre betre balanse mellom bok og skjerm og å gjere undervisinga meir praktisk og variert. Her er vi allereie i gang, samtidig som mykje står att. Eg er glad for at vi har ei Arbeidarparti-leia regjering som tek tak i dei store utfordringane i skulen og jobbar for at ungane våre både lærer meir og betre.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
