Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Regjeringa har hatt ansvaret for barselomsorga i mange år. Likevel meiner 3 pst. av jordmødrene at tilbodet i Noreg er godt nok – 3 pst. Det er ikkje opposisjonen som seier det, det er fagfolka. Fire av ti kvinner får ikkje jordmorbesøk etter fødsel. Det er ikkje eit tilleggsgode, det er grunnleggjande helsehjelp. Når utviklinga går feil veg år for år, kan ein ikkje skylda på tilfeldigheiter. Då handlar det om prioriteringar. Dette er ikkje berre nasjonale tal. Ved Sjukehuset i Vestfold har det vore tilsyn som peikte på manglande forsvarleg oppfølging før kvinner og nyfødde blei sende heim. Jordmødrer har varsla om press og uro. Når både nasjonale fagmiljø og lokale jordmødrer seier frå, må politikarane lytte. Me veit kva dei første dagane betyr. Det er då infeksjonar kan oppdagast, og det er då fødselsdepresjon kan fangast opp. Det er då foreldre treng rettleiing – ikkje stillheit. Samtidig ser me konsekvensane rundt oss. Kommunar må leggja ned barnehagar. Skular blir slått saman. Lokalsamfunn taper tilbod fordi det er blitt fødd for få barn. Dette heng saman. Arbeidarpartiet har hatt helseministeren i mange år. Likevel har barselomsorga blitt stramma inn, liggetida er kortare, ansvar er flytta til kommunane, og oppfølginga heime er framleis ikkje sikra. Det er politiske prioriteringar. Skal me gjera det meir attraktivt å få barn i Noreg, må me gjera starten tryggare. Framstegspartiet vil styrkja jordmorkapasiteten. Me vil gje full løn under jordmorutdanning mot bindingstid. Me vil sikra eit desentralisert og tilgjengeleg fødetilbod. Dette handlar om noko heilt enkelt: Tryggleik skaper framtidstru. Utryggleik skaper utsetjing. Framtida vår startar i barseltida. Der kan me ikkje svikta.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
