Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 24. feb 2026

Erling Sande
Erling Sande
Senterpartiet·Sogn og Fjordane

SakMøte tirsdag den 24. februar 2026 kl. 10

Innlegget

For folk i Sogn og Nordfjord ser dette ut til å bli ein trist dag. Arbeidet for å hindre nedbygging av viktige funksjonar i lokalsjukehusa har engasjert mange. Det å ha gode tenester nær der ein bur, betyr mykje for folk. Folk har stått opp for lokalsjukehustilbodet sitt, dei har stått på plassen her ute, og dei har demonstrert i Lærdal og på Nordfjordeid. Vi i Senterpartiet har kjempa i lag med dei, og uavhengig av resultatet her i dag er det grunn til å takke folk i Sogn og Fjordane, som dei siste månadene har stått opp for sjukehustilbodet sitt. Dei hadde fortent å bli lytta til av Arbeiderparti-regjeringa. Argumenta for å sikre tilbodet ved sjukehusa har vore teke opp av fleire i debatten her i dag, og eg viser til representanten Kjersti Toppe, som har gjort greie for Senterpartiet sitt syn. For oss har det vore viktig å få fram kor grunnleggjande det er å ha gode helsetenester nær der ein bur. Det er eit paradoks at ein i Totalforsvarsåret 2026 svekkjer beredskapen ved lokalsjukehusa, sjølv om vi har sett kva lokalsjukehusa kan bety ved større kriser. Det er eit stort paradoks at eit av dei sjukehusa i landet som verkeleg har fått prøvd seg når det gjeld å handtere større kriser, er eit av dei som no blir ramma hardt av endringar som helseføretaket føretek. Lærdal sjukehus stod i sentrum både under brannen i Gudvangatunnelen og under brannen på Lærdalsøyri, og eit stort antal menneske fekk behandling nettopp på sjukehuset. I tillegg handlar dette om rekruttering. Vi skal rekruttere titusenvis inn i helse- og omsorgsyrka i åra framover. Det at vi i store delar av dette landet har helsepersonell på eksempelvis dei lokale sjukehusa, betyr ikkje berre at vi har helsepersonell tilgjengeleg i beredskapssituasjonar, men det betyr at det er eit miljø for å jobbe med helse på desse stadene. Det gjer at fleire kjenner godt til desse yrka, og fleire vel karrierevegar innanfor desse yrka der det er eit miljø for det. Det er ikkje så mange år sidan både sjukehuset i Lærdal og på Nordfjordeid fekk redusert andre viktige funksjonar. Den gongen fekk dei høyre av regjeringa at dei skulle vere framtida sine lokalsjukehus og skulle få andre viktige funksjonar, som t.d. skadepoliklinikkar. Så, berre dagar etter eit stortingsval, der Arbeidarpartiet var den store vinnaren i Sogn, får ein høyre at dei same tilboda som dei den gongen fekk høyre var framtida, er truga av nedbygging. Det er ikkje vanskeleg å forstå at dei tilsette og lokalbefolkninga har vanskar med å tru på argumenta til Arbeidarparti-regjeringa og dei partia som støttar Arbeidarpartiet i denne saka, når dei på nytt prøver å hevde at dei har store visjonar for lokalsjukehusa våre.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat