Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 24. feb 2026

Erling Sande
Erling Sande
Senterpartiet·Sogn og Fjordane

SakMøte tirsdag den 24. februar 2026 kl. 10

Innlegget

Det blir vist helseføretakslova, og eg stiller i likskap med representanten Toppe spørsmål ved oppfatninga og praktiseringa av helseføretakslova og statsråden sin inngripen – og manglande inngripen – i ansvarsområda til helseføretaka. Eg synest at representanten Toppe hadde veldig gode eksempel, som hadde fortent å bli svart på: Kvifor er legitimt å gå inn nokre plassar og å følgje opp nokre helseføretak, mens ein ikkje gjer det andre plassar? Svaret er vel så enkelt som det som blei uttala frå denne talarstolen: Det er ikkje politisk vilje til å gå inn og oppretthalde desse tilboda som no er føreslått nedlagde i Sogn og Fjordane. Statsråden starta svaret sitt i replikkordvekslinga to gonger med at fire av fem beheld jobben – då er dette altså ikkje ei vesentleg endring. Viss Oslo universitetssjukehus, med sine 24 000–25 000 tilsette, skulle kvitte seg med 4 000–5 000 tilsette i løpet av ein sommar, vil eg tippe at statsråden hadde blitt involvert i den saka. Det vanskeleg å sjå føre seg at det ikkje hadde vore tilfellet. Det hadde vorte sett på som ei vesentleg endring – sjølvsagt hadde det gjort det. Eit kort tilsvar til samanlikninga med eit kommunestyre, som representanten Vereide tok opp: Kommunestyret er eit folkevald organ som har ansvar for ei rekke område, bl.a. eldreomsorga. Sjukehusa er eit statleg ansvar. Det er den føretaksreforma som Arbeidarpartiet var fødselshjelpar for, som gjer at det er styret som står til ansvar for statsråden, og at det ikkje er folkevalde som tek desse avgjerdene – og som dermed heller ikkje kan bli stilt til ansvar lokalt ved val, slik eit kommunestyre kan. Så her er det ein vesentleg forskjell.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat