Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 24. feb 2026

SakInnstilling frå helse- og omsorgskomiteen om Representantforslag frå stortingsrepresentantane Kjersti Toppe og Erling Sande om å sikre desentraliserte spesialisthelsetenester i Sogn og Fjordane (Innst. 116 S (2025–2026), jf. Dokument 8:45 S (2025–2026))
Innlegget
Det som Høgre og representanten Svardal Bøe framførte nettopp, kan ikkje få stå uimotsagt. Eg skal gje statsråden rett i éin ting her i debatten i dag, og det er at den regjeringa som Senterpartiet og Arbeidarpartiet danna, styrkja sjukehusøkonomien betydeleg mykje meir enn Høgre gjorde då dei sat i regjering. Det som er fint, er at det er offentlege tal eg viser til. Alle kan undersøkje det. Eg forstår at det er behageleg for Høgre og representanten Svardal Bøe å snakke om dette og dermed unngå at ein fokuserer på at Høgre her vil stemme i lag med Arbeidarpartiet for reduksjon av tilbod ved lokalsjukehusa i Sogn og Fjordane – noko som lokale Høgre-representantar er veldig kritiske til. Det hoppa representanten Svardal Bøe glatt over i innlegga sine.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat