Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 24. feb 2026

Erling Sande
Erling Sande
Senterpartiet·Sogn og Fjordane

SakMøte tirsdag den 24. februar 2026 kl. 10

Innlegget

I mange hundre lokalsamfunn rundt om i landet vårt finst det berre éin matbutikk. Det at vi sikrar oppretthalding av matbutikkar er viktig for desse lokalsamfunna, sjølvsagt med tanke på nærleik til å få kjøpt heilt nødvendige varer, men også som møteplass og som ein beredskapsfaktor. For Senterpartiet, som ønskjer at folk skal kunne bu kvar ein ønskjer i det flotte landet vårt, er det viktig at det er lokale butikkar der og dei er ergo med å sikre både busetting og aktivitet rundt om i alle delar av landet. Dei seinare åra har ny teknologi gjort det mogeleg for stadig fleire av nærbutikkane å vere delvis fjernbetente. Det er veldig gode erfaringar med desse løysingane. Det gjev større fleksibilitet for kundane, det gjev ein betre arbeidskvardag for dei som arbeider der, og omsetjinga aukar også dei fleste stadane. Nye tekniske løysingar er utvikla og tekne i bruk for å selje ulike aldersbestemte varer. Det at desse butikkane kan ha høve til å selje dei same varene som andre matbutikkar, gjer at ein unngår at folk reiser andre stader for å gjere innkjøpa sine. Dei tekniske løysingane som er vanlege for denne typen sal, fungerer svært godt – folk får kjøpt seg t.d. øl og tobakk gjennom system som sikrar at dei er gamle nok, og gjennom grundig videoovervaking blir det sikra at også andre delar av lovverket blir oppfylt. Senterpartiet blei difor veldig overraska då fleire matbutikkar byrja å varsle om at det blei stilt spørsmål ved denne praksisen og om han var i tråd med alkohollovgjevinga. Det forslaget som vi handsamar i dag, er meint å fjerne den tvil som måtte vere om kva lovgjevarane meiner om den saka. Dei tekniske løysingane som no er i bruk knytt til registrering og betaling kombinert med kameraovervaking, er tilstrekkeleg for å kunne selje dei same varene som andre matbutikkar, og det slår no Stortinget tydeleg fast. Det var difor ingen grunn til at delvis fjernbetente butikkar som søkjer om slikt løyve, og som brukar dei etablerte løysingane, skal bli nekta sal frå desse med grunnlag i alkohollovgjevinga. Skulle bruk av den nye teknologien gjere det naudsynt med endringar i alkohol- og tobakkslovgjevinga, er det viktig at slike justeringar blir gjorde raskt og at regjeringa i mellomtida sikrar at butikkane framleis kan bruke desse utvikla løysingane til å selje varene til kundane. Det peiker også eit breitt fleirtal i Stortinget på i dag, og det er bra.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat