Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 24. feb 2026

Kjersti Toppe
Kjersti Toppe
Senterpartiet·Hordaland

SakMøte tirsdag den 24. februar 2026 kl. 10

Innlegget

Det er ein stor skuffelse for meg og Senterpartiet, som har gått til val på ei raud-grøn regjering, at Arbeidarpartiet vender oss og distrikta ryggen i dag. Hadde saka vore kjend for eit halvt år sidan, hadde Arbeidarpartiet aldri vorte det største partiet i Sogn. Arbeidarparti-ordførarar ber no stortingsrepresentanten sin om å stemma for forslaget frå Senterpartiet, men Arbeidarpartiet lyttar ikkje til sine eigne og driv splitt og hersk med raud-grøne parti, som dei vann valet saman med. No har dei i tolvte time fått på plass Miljøpartiet Dei Grøne, og saman med Høgre vil dei med ei stemme i overvekt kunne sikra fleirtal for ei drastisk svekking av lokalsjukehusa og ei sentralisering av helseberedskapen i Indre Sogn. Det er ein dårleg start på totalberedskapsåret 2026, og eg vil spørja Arbeidarpartiet: Veit de kva de gjer? Saka handlar likevel ikkje om Arbeidarpartiet, ho handlar om folk og samfunn i Nordfjord og Sogn, som kjempar for tryggleik for helsetilbodet og beredskapen, og ber om å bevara dei statlege arbeidsplassane sine. Dersom ortopedisk sengepost med elektiv kirurgi og skadepoliklinikk vert lagd ned i Lærdal, vil regionen mista 40 kompetansearbeidsplassar. Mange av desse er kvinnearbeidsplassar. Dette vil sjølvsagt gje samfunnsmessige konsekvensar også for totalberedskapen. Helseministeren meiner at dette ikkje er ei sak av stor betydning. Han ville ikkje retta seg etter helseføretakslova, som i § 30 er tydeleg på at eit lokalt helseføretak ikkje kan gjera slike vedtak, og at slike forslag må behandlast av føretaksmøtet, altså av statsråden sjølv. Det ansvaret tar ikkje helseministeren, og det meiner eg er ansvarsfråskriving. Endringane i Helse Førde er økonomisk motiverte og ikkje fagleg grunngitte. For 25 mill. kr kan ein vidareføra ortopedien i Lærdal som i dag. Dette er det sjølvsagt mogleg å finna midlar til. Senterpartiet fekk forhandla inn ein halv milliard kroner meir til sjukehuset i 2026. I førre veke gjekk helseministeren ut i Bergens Tidende og lovde 52 mill. kr til å dobla betalinga for operasjonar i Bergen. Det har regjeringa funne pengar til, men ikkje til å driva vidare heilt vanleg betalte operasjonar i Lærdal. Det står ikkje til truande. Det manglar ikkje på pengar, men på politisk vilje. Senterpartiet har kjempa i denne saka, som vi òg har gjort før, og vi har hatt folket i ryggen. Eg vil spesielt takka aksjonsgruppa Forsvar Lærdal sjukehus. Erik Bye har sagt: Politikarar skal ikkje vera folkets herrar, dei skal vera folkets tenarar. – Det er det visst nokon som har gløymt her i dag.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat