Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 24. feb 2026

Kjersti Toppe
Kjersti Toppe
Senterpartiet·Hordaland

SakInnstilling frå helse- og omsorgskomiteen om Representantforslag frå stortingsrepresentantane Kjersti Toppe og Erling Sande om å sikre desentraliserte spesialisthelsetenester i Sogn og Fjordane (Innst. 116 S (2025–2026), jf. Dokument 8:45 S (2025–2026))

Innlegget

I Bergens Tidende førre veke gjekk statsråden ut og lovde 52 mill. kr til dobbel betaling på operasjonar i Helse Bergen. Korleis kan han finna pengar til det, men ikkje til å fortsetja vanleg betalte operasjonar i Lærdal? Til Bergens Tidende sa helseministeren også at han var forbanna på vegner av pasientar som måtte venta i Helse Bergen. Kvifor er han ikkje forbanna på vegner av pasientar i Indre Sogn, som mistar store delar av sjukehustilbodet sitt? Når statsråden reiser til Alta og er så tydeleg i sine formuleringar at han i praksis overstyrer helseføretaket der, som vil sommarstengja fødeavdelinga, kvifor ville han ikkje vera like tydeleg mot Helse Førde, da dei planla å leggja ned ortopedisk avdeling?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat