Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 24. feb 2026

Kjersti Toppe
Kjersti Toppe
Senterpartiet·Hordaland

SakMøte tirsdag den 24. februar 2026 kl. 10

Innlegget

Det er staten, som eig sjukehusa, som styrer sjukehusa. Helseføretakslova legg til grunn at ein statsråd kan gå inn når det er vesentlege endringar. Da Senterpartiet sat i regjering saman med Arbeidarpartiet, gjekk vi i fellesskap inn og stoppa forslaga frå helseføretaka om å leggja ned akuttfunksjonar og fødetilbod i nord, i Narvik og i Lofoten. Det var heilt legitimt og bra at vi gjorde det. Statsråden var nyleg i Alta, og med det han sa, overstyrte han i realiteten føretaket der da han sa at det ikkje var akseptabelt, og at ein måtte finna andre løysingar enn å sommarstengja fødeavdelinga der. Statsråden har gått ut og overkøyrt helseføretaket og sagt at dei er nøydde til å bruka meir pengar på kjøp av tenester frå private tilbydarar. Dette viser at statsråden sjølv vel når han vil gå inn og overstyra eit helseføretak, og når han vel ikkje å gjera det. Når det gjeld Helse Førde, vel Statsråden ikkje å gå inn og overstyra, sjølv om han sjølvsagt kunne ha gjort det. Da statsråden var i Alta og sa at sommarstenging ikkje kunne skje, hadde heller ikkje statsråden med seg ei krone ekstra. Men det ligg til staten, regjering og storting, som eigarar av sjukehusa, å seia at det finst grenser for korleis kuttforslag kan disponerast. Ein kan ikkje leggja ned fødeavdelinga i Lofoten og i Narvik, og ein kan heller ikkje leggja ned vesentlege delar av funksjonen på Lærdal sjukehus. Her har statsråden brukt helseføretakslova, som mange seier er ei «trekkspellov»: Ein kan gå inn og styre når ein vil, og ein kan la vera viss ein synest det er meir legitimt å skyva denne endelege avgjerda over til helseføretaket. Vårt forslag inneber inga kutt i Helse Førde. Vi har meint at med den halve milliarden var det rom til å kunne sikra 25 mill. kr, og med den doble betalinga for operasjonar i Helse Bergen, som regjeringa må ha vore inne i – taksten for innsatsstyrt finansiering skal jo verta dobla, så vidt eg har forstått – er det rart at ein finn pengar til det, men ikkje 25 mill. kr til å vidareføra heilt vanleg betalte operasjonar i Lærdal. Dette handlar faktisk om politisk vilje. Eg set òg spørsmålsteikn ved dei partia som stod bak vedtaket i samband med trontalen, om at det skal verta eit minst like godt fagleg tilbod som i dag. Ein er ikkje ærleg overfor veljarane sine når ein seier at dette er eit minst like godt fagleg tilbod.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat