Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Representanten Svardal Bøe ber oss om å gå i oss sjølve og å evna å ta ansvar når ein har ansvar. Da vil eg seia noko til representanten: Det er i dag forslaget om Førde skal røystast over. Da kan òg Høgre ta ansvar når dei kan ta ansvar. Dei kunne vore med og gitt fleirtal for vårt forslag. I staden brukar dei all taletida si på å kritisera andre parti eller kritisera prosessen. Det må Høgre sine veljarar i Sogn og Fjordane ta inn over seg. Vi sørgde for tolv gonger meir midlar til sjukehusa da vi sat i regjeringa, enn Høgre gjorde da dei sat i regjering. Det er offentlege tal. Vi sette ned renta, mens dei sette opp renta. Så vi gjorde mykje da vi sat i regjering. No er det ein ny situasjon som gjer at kostnadene har auka veldig mykje meir. Vi meiner det er ei grense for kva slags strukturendringar vi kan tillata. Da er det vårt ansvar å gripa inn og gi beskjed om det. Vi vil stemma subsidiert for forslag nr. 7, frå Miljøpartiet Dei Grøne.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
