Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 24. feb 2026

Linda Monsen Merkesdal
Linda Monsen Merkesdal
Arbeiderpartiet·Hordaland

SakMøte tirsdag den 24. februar 2026 kl. 10

Innlegget

For å nå måla i Parisavtalen må verda kutta utslepp raskare enn i dag. Noreg skal ta sin del av ansvaret, og klimanøytralitetsmålet er eit viktig verktøy for å sikra at me bidreg meir enn det som følgjer av våre ordinære forpliktingar. Dette målet blei vedteke av Stortinget i 2016 med brei einigheit, som ein del av ratifiseringa av Parisavtalen. Arbeidarpartiet stod bak, for me meiner at Noreg skal vere eit land som både kuttar utslepp heime og bidreg til utsleppsreduksjon globalt. Det er dette klimanøytralitetsmålet handlar om. Forslaget om å oppheva målet vil svekkja norske klimaambisjonar. Det er eit brot med den linja Stortinget har stått samla om i snart 20 år, og Arbeidarpartiet meiner at ei så stor endring krev eit solid avgjerdsgrunnlag. Det har me ikkje no. Regjeringa har vore tydeleg på at ho vil koma tilbake til Stortinget når ho veit meir om utsleppsutviklinga, og om korleis kvotane i marknaden under Parisavtalen artikkel 6 vil fungera etter 2030. Å fjerna målet før dette arbeidet er gjort, er etter vårt syn både for hastig og uansvarleg. Noreg bidreg allereie i store utsleppsreduksjonar i utviklingsland gjennom samarbeid under artikkel 6. Dette er tiltak som er dokumenterte og verifiserte, og som ikkje ville ha skjedd utan norsk innsats. Dei utløyser private investeringar og styrkt energisikkerheit, og dei bidreg til grøn omstilling i land som treng det. Dette er ikkje symbolpolitikk, det er konkrete utsleppskutt og eit viktig supplement til arbeidet me gjer her heime. Noreg har ingen tradisjon for å trekkje tilbake klimamål før arbeidet er i gang. Det vil senda uheldige signal internasjonalt og svekkja truverdet vårt som ein pådrivar i klimapolitikken. Arbeidarpartiet meiner difor at klimanøytralitetsmålet må liggja fast. Det representerer eit sjølvstende og ein nødvendig ambisjon for vår norske klimapolitikk, og det er eit ansvar me ikkje bør løpa frå.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat