Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 24. feb 2026

Marius Langballe Dalin
Marius Langballe Dalin
Miljøpartiet De Grønne·Sogn og Fjordane

SakMøte tirsdag den 24. februar 2026 kl. 10

Innlegget

Saken om ortopedien i Lærdal har vore den vanskelegaste for meg så langt i politikken. Dette er rett og slett verre enn å velje mellom pest og kolera. Vi i MDG har eit oppriktig ønske om å bevare alle arbeidsplassane ved Lærdal sjukehus. Miljøpartiet Dei Grøne ønskjer ikkje kutt i sjukehustilbodet i Sogn og Fjordane på nokon som helst måte. Samtidig er utgangspunktet for denne debatten at vi har vedteke eit statsbudsjett for 2026 som har sett ei ramme for Helse Førde. Det er for lite pengar til å oppretthalde dei tilboda som er der i dag. Difor står vi i dette umogleg valet. Det ansvaret ligg primært hos regjeringa, med finansminister Stoltenberg i spissen. Så til forslaget frå Senterpartiet: Det er eit forslag utan ny finansiering og utan alternative kuttforslag. Det kan dermed føre til farlege kutt ved sjukehusa i fylket. Det kan i verste fall true pasientsikkerheita og gå ut over liv og helse. Det kan eg ikkje gå med på verken som lege eller som stortingsrepresentant. Vi reddar barseltilbodet og skadepoliklinikken på Eid og i Lærdal. Difor stemmer vi for forslaga frå opposisjonen om desse to tenestene. Vi vil utvide det polikliniske tilbodet på lokalsjukehuset, både på Eid og i Lærdal, men også i landet elles. Så må Helse Førde få rom til å organisere gode tilbod i samarbeid med kommunane, både for skadepoliklinikken, barseltilbodet og dei nye tenestene. Vi vil kjempe for meir midlar, så Helse Førde kan få gå føre og utvikle sterkare, framtidsretta lokalsjukehus. Difor fremjar Miljøpartiet Dei Grøne i dag eit laust forslag om korleis dei desentraliserte polikliniske tenestene kan styrkjast ytterlegare. Dette handlar ikkje berre om Lærdal, men om heile måten vi har organisert helsevesenet på. Eg har jobba 40 år i Helse-Noreg, men etter berre fire månader på Stortinget ser eg tydelegare enn nokon gong kva som skal til. Eg kjem til å starte med å føreslå ein plan for lokalsjukehusa som gjev mest mogleg tenester nærmast mogleg der folk bur. Eg kjem til å ta eit oppgjer med rapporteringsvelde og detaljstyring for å gje meir fridom til helsearbeidarar som står på i Helse-Noreg dag for dag. Alt dette krev eit oppgjer med helseføretaksmodellen. Helseforetaksmodellen er rett og slett bankerott. Det er ikkje rart folk føler avmakt når fødeavdelingar blir lagde ned og lokalsjukehus blir tappa mens avgjerdene blir tekne langt unna dei det gjeld. Eg meiner det er på tide å ta sjukehusa heim til dei folkevalde igjen. Helseberedskap, samarbeid med kommunane og utviding av polikliniske tilbod er noko vi brenn for i MDG. Vi fremjar difor forslag i dag for å sikre at alle i Sogn og Nordfjord skal vere heilt trygge på at dei får den hjelpa dei treng. Med det fremjar eg forslaget som MDG står bak.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat

Marius Langballe Dalin (Miljøpartiet De Grønne) — Innlegg · 24. feb 2026 — OverStortinget