Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 24. feb 2026

Marius Langballe Dalin
Marius Langballe Dalin
Miljøpartiet De Grønne·Sogn og Fjordane

SakMøte tirsdag den 24. februar 2026 kl. 10

Innlegget

Eg forstår veldig godt at folk føler utryggleik når det ser ut som deler av helsetilbodet endrar seg vesentleg. I Lærdal har dei hatt ein stoltheit for ortopedien, og det har bidratt til ein følelse av tryggleik lokalt. Ikkje minst det å kunne få ordna med enkle skadar lokalt og få ei avklaring har vore viktig reint praktisk for folk. Det siste meiner eg er særdeles viktig å oppretthalde. Som kirurg i Sogn og Fjordane og aktiv i traumemiljøet i Noreg i over 20 år veit eg at kirurgisk beredskap er godt ivaretatt i Lærdal i dag. Det vil vere det også framover, rett og slett fordi dette er ivaretatt av sjukehusa på Voss, i Førde og i Bergen. Det vil det framleis vere. Likevel er det ikkje vanskeleg å skjøne at folk kjenner på bekymring lokalt for at endringane skjer. Dette meiner eg er viktig å adressere. Difor er det viktig at Helse Førde går i dialog med kommunane og er flinkare til å kommunisere ut det tilbodet dei har, og sørgje for gode evakueringskjeder. Elles vil eg understreke veldig tydeleg at vi har forsøkt å finne løysingar dei siste dagane. Det har vore eit sterkt ønske frå mange, ikkje minst i Miljøpartiet Dei Grøne i Vestland og Sogn og Fjordane, der mange er sterkt engasjert for lokalsamfunna og lokalsjukehusa våre. Ei slik løysing har vi ikkje funne. Vi står framleis i eit dilemma, der eg meiner vi må velje det som er mest ansvarleg. Eg vil også utdjupe kva tenester eg meiner bør styrkjast, både i Lærdal og på andre lokalsjukehus. MDG sikrar i dag fleirtal for å bevare barseltilbod og skadepoliklinikk i Lærdal og på Nordfjordeid. Vi har jobba lenge for å ta vare på barseltilbodet God Start, som Helse Førde opphavleg ønskte å avvikle begge steder. I Lærdal har vi også jobba for å etablere nye tilbod. Førebels ligg det an til at det blir lungepoliklinikk, hjartesviktpoliklinikk og driftstilskot til augelege, men vi er ikkje fornøgde med dette. Vi meiner at vi må få på plass fleire tilbod til glede for pasientane lokalt. I tillegg vil eg seie noko meir om helseføretaksmodellen og korleis den fungerer sentraliserande. Helse er ikkje butikk. Vi skal ikkje sende rekninga for pasientane mellom føretak. Det er ein heilt meiningslaus måte å drive helsetenester på. Kutta vi ser i fylket, skuldast bl.a. at vi har ein blodig urettferdig og sentraliserande finansieringsmodell som ikkje premierer lange avstandar og komplisert geografi. Dei små helseføretaka tapar, og dei store vinn. Dette systemet må endrast. Det er på tide å skrote helseføretaksmodellen og yte rettferd til dei små sjukehusa i distrikta, og det vil eg fremje forslag om snart.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat